Musikk
Berg-og-dal-bane
Wolfgang Rübsams bylgjande tempovariasjonar er til å bli sjøsjuk av.

Hadde denne CD-innspelinga av Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Goldbergvariasjonane, BWV 988, vore ein hudkrem, hadde han vore deklarert som «ultrasensitiv». Dette har både med instrumentet og spelemåten til Wolfgang Rübsam å gjera: Variasjonssyklusen plar bli spelt på cembalo (med stålstrenger), medan Rübsam nyttar eit såkalla «luttklaver» (med tarmstrenger), som har ein mykje rundare og mildare klang. I tillegg spelar han alle satsane uvanleg roleg og rytmisk fleksibelt. «Berre gjennom denne varsame framføringsmåten kan me ta inn over oss den komplekse komposisjonsmåten til Bach», blir me fortalde i omslagsheftet.
Kva effekt har denne spesielle tolkingsmåten? Det er som å bli teken med på ein uuthaldeleg langsam berg-og-dal-bane. Går melodien oppover, sakkar Rübsam av, slik at han liksom blir ståande og vippa på toppen. Når melodien så går nedover att, akselererer han. Agogikk, kallar me denne kunsten å variera tempoet, som i og for seg høver godt til Bach. Men Rübsam eig ikkje måtehald. Alt i fyrstesatsen «Aria» verkar agogikken maniert, for når han gjentek dei velkjente agogiske flosklane sine, blir alt føreseieleg. Og i sistesatsen «Quodlibet», som eigentleg skal klinga kvikt og humoristisk, er det er som om han stampar i sirup. Måten han framhevar og isolerer kvar detalj i frasane på, verkar altfor pedagogisk og går dessutan utover heilskapen i satsane. Denne stadige tempoendringa er til å bli sjøsjuk av. I tillegg kjem den eksentriske måten han bryt akkordane på. På lutt hadde han kan hende fungert, men på luttklaver høyrest det ut som om nokon kastar klinkekuler utover eit blikktak.
Slik eg kjenner Rübsam frå tidlegare plater, skil han seg positivt ut frå grosset av Bach-tolkarar. I utgangspunktet gjer det sjeldsynte luttklaveret denne innspelinga interessant. Men måten han her driv sin fikse tolkingsidé over i det monomane på, øydelegg lyttaropplevinga.