Bok
Bekkasinproblemet
Den konsise og vakkert illustrerte Småviltguiden høver både for folk som har tenkt å ta jegerprøven, og for dei som tok han for lenge sidan.

Med jegerprøven er det litt som med førarprøven: For min del er det så lenge sidan eg tok «lappen» at eg ikkje hugsar kva alle trafikkskilt tyder – det finst trass alt 300 av dei, og somme førekjem svært sjeldan. Med jegerprøven er det altså liknande. Dei dyra eg jaktar på vanlegvis, har eg styr på, men mykje av den generelle artskunnskapen eg pugga til jegerprøven for 18 år sidan, er blitt diffus. Dessutan er lovverket endra sidan den tid – seinast i fjor blei det introdusert ei ny jaktforskrift, som skal gjelda til 2022. Her er ikkje berre jakttidene justerte, men jamvel kva som kan jaktast på: Éin ny art er blitt jaktbar, nemleg vaskebjørnen, og fleire artar som før var fritt vilt, er blitt freda.
På Miljødirektoratets heimesider er det lista opp jakttider for kring 50 viltartar. Som jeger bør ein kjenna att desse i felt. Men like viktig er det å kunna kjenna att dei artane som liknar på dei ein har lov å skyta. Dei som har teke jegerprøven, hugsar kan hende eitt av dei mest vrine punkta på pensum, nemleg «bekkasinproblemet». For kva skil den freda kvartbekkasinen og dobbeltbekkasinen frå den jaktbare enkeltbekkasinen? For å vera ærleg: fint lite.
Akvarell og blyant
Her kjem Småviltguiden. Artskunnskap for jegere til sin rett. Boka er konsist skriven og oversiktleg sett saman av Bjørn Olav Tveit, med informative illustrasjonar av Øyvind Egeland, utførte i ein blandingsteknikk av akvarell og blyantteikning. Alle småviltartane det er lov å jakta på, blir her presenterte side om side med det forfattarane kallar «forvekslingsartene», altså dei som liknar, men er freda. Bileta av dei «lovlege» artane er markerte med ein grøn hake, medan dei «ulovlege» er forsynte med eit raudt kryss.
Likehandsama
Kva tyder så småvilt i denne samanhengen? Viltgruppa omfattar alle fuglar det er lov å jakta på, i tillegg til pattedyr som hare, bever, raudrev og ymse mårdyr, unnateke jerv. I boka blir desse artane delte inn i tolv grupper, til dømes gjæser, grasender og hønsefuglar, som utgjer dei tolv hovudkapitla. Dei systematiske illustrasjonane utgjer hovuddelane, som blir innleidde med ei oversikt over jakttradisjonar og vanlege jaktformer, saman med generelle opplysningar, til dømes om bestandsvingingar og kva som skaper slike.
Kvar art har sin eigen faktaboks med biologiske fakta, oppdaterte jakttider og statistiske data. Slik sett er alle artar likehandsama, frå stripegåsa, som vanlegvis har ein norsk bestand på 0 til 2 hekkande par og eit årleg jaktuttak på 0 til 5 individ, til lirypa, som plar ha ein norsk bestand på 150.000 til 250.000 par med eit årleg jaktuttak på 77.000 til 292.000 individ.
Meir eksemplarisk
Kva så med illustrasjonane: Hadde det ikkje vore betre med fotografi av faktiske fuglar? Nei, i røynda fungerer Egelands akvarellar betre, for dei er meir eksemplariske. Med gode teikningar – og Egelands er verkeleg framifrå – får ein betre fram det karakteristiske. Ein kan òg eliminera individuelle ulikskapar innan artane og framstilla alle i eksakt same positur, noko som gjer jamføringa lettare. Med det meiner eg ikkje at alle artane i boka «poserer», at dei er framstilte sitjande frå sida. Egeland syner dei òg i flukt bakfrå, som jo er slik me jegerar plar oppleva dei.