Musikk
Bankar jula inn
Bachs juleoratorium byrjar med ein trommesolo.

Johann Sebastian Bach (1685–1750) bankar beintfram jula inn i opningssatsen «Jauchzet, frohlocket» i Juleoratoriet, BWV 248: Han byrjar med to stutte paukesoloar, flankert av flygande trillar i fløyter og oboar. Så set den frydesame larmen for alvor inn, med trommekvervlar og glitrande treklangar i trompetane, og flerrande skalaar av trettitodelsnotar som rasar frå toppen av fiolinregisteret og ned gjennom bratsjane til celloane. Det heile gjev meg kjensla av at Bach riv adventsforhenget resolutt til side, og så har me henne framføre oss: jula i all sin glans!
Seks delar
Juleoratoriet blei framført fyrste gongen i 1734 i Leipzig, der Bach var kantor i Thomaskyrkja. Men ikkje i den forma me er vande med i vår tid. Juleoratoriet er ikkje komponert for å nytast i éin porsjon, men er sett saman av seks kantatar som blei framførde einskildvis den 25., 26. og 27. desember, og deretter 1. januar, fyrste sundag i januar og til slutt 6. januar.
Men ikkje all musikken, som varer i mest tre timar, er nykomponert. Så sant han kunne, såg Bach sitt snitt til å resirkulera «oppbrukte» verk, særleg slike han hadde komponert til spesielle høve og som difor aldri kom til å bli framførte meir. Til dømes åremålskantaten Tönet, ihr Pauken! Erschallet, Trompeten!, BWV 214, som han skreiv til kurfyrstinna av Sachsen i 1733. Det er musikk frå denne verdslege kantaten han greip til året etter og nytta i juleoratoriets fyrste del, men då med ny, kyrkjeleg tekst.
Kraftige innsatsar
Det tek ikkje mange sekunda å merka at orkesterspelet er utmerkt på denne dobbel-CD-en med tyske Gaechinger Cantorey: Innsatsane i blåseinstrumenta er kraftige og sikre, fiolinane har slank og presis klang, og samspelet kunne i det heile ikkje vore betre. Dirigenten Hans-Christoph Rademann tek ikkje nett varsamt i partituret, for temposkilnadane (mellom satsane) og lydstyrkeskilnadane (inni satsane) er temmeleg røffe – generelt kan me slå fast at han likar høgare tempi enn vanleg er. Likevel overdriv han ikkje, for det bikkar aldri over i det bråkete eller stressa. Koret Gaechinger Cantorey, som har litt for mange songarar etter min smak, syng tydeleg og med vakker frasering. Særleg er eg imponert over dei grannsamt utførde trillane, som syner høgt teknisk nivå.
Albumet har eit artig bonusspor. For på slutten av siste CD-en får me høyra fyrstesatsen «Tönet, ihr Pauken!» frå den alt nemnde åremålskantaten frå 1733, den som har same musikk som opningssatsen i Juleoratoriet. Men her er det altså Sachsens fyrstehus som blir hylla, og ikkje Himmelfyrsten.