Kunst
Banebrytande illusjon
MANTOVA: I soverommet til markgreven Ludovico opna målaren Mantegna taket mot himmelen for fyrste gong i kunstsoga.

I tre år hadde markgreven av Mantova, Ludovico III Gonzaga (1412–1478), venta på den nye hoffmålaren sin. Men trass i at hoffmålarstillinga var den høgste ein kunstnar kunne ha, nølte 29-åringen Andrea Mantegna (1431–1506). Han ville nødig flytta frå den tradisjonsrike universitetsbyen Padova, der han var blitt vidgjeten for den dyktige bruken av perspektiv og evna til å etterlikna antikkens arkitektur og skulptur i målarstykka sine. Kva hadde han no å gjera i den lombardiske ministaten Mantova, som låg inneklemd mellom stormaktene republikken Venezia i aust og hertugdømet Milano i vest?
Kunstnaren visste kva han var verd. Det syner breva han sende til markgreven der han freista med at denne «ville koma til å kunna skryta av å eiga slikt ingen andre italienske fyrstar åtte». Nett difor var det herskaren trong det unge geniet. Imponerande kunst var nemleg eit politisk verkty – å eiga meisterverk var ein viktig veg til makt i det ustabile Italia på 1400-talet.
Gullkanta avtale
Då Mantegna endeleg kom til Mantova i 1460, var det med ein gullkanta avtale: Femten gulldukatar skulle han få i månaden, i tillegg til gratis husvære, korn og ved til heile familien. I byte fekk markgreven meisterverka sine. Sjølv om dei fleste i dag er spreidde til verdas fremste museum og slott, hyser hertugpalasset i byen (Mantova blei seinare eit hertugdøme) framleis Mantegnas mest skilsetjande kunstverk: Camera degli Sposi, markgrevens soverom, der veggene ser ut til å løysa seg opp mot eit idyllisk landskap og taket opnar seg mot himmelen. Dette fyrste rommet i kunsthistoria som er fullstendig og konsekvent illusjonistisk dekorert, er det eg skal vitja denne føremiddagen.
Piazza Sordello
Mantovas hertugpalass, Palazzo Ducale, ligg ved Piazza Sordello, ein avlang, mellomalderleg prega plass som har vore Mantovas politiske sentrum sidan biskopane reiste den fyrste domkyrkja her på 900-talet. Høgast ragar det raudbrune 55 meter høge Torre della Gabbia frå 1200-talet. Namnet skriv seg frå jernburet som heng 20 meter over bakken, der brotsmenn blei plasserte til spott og spe. Toppen av tårnet er utydeleg, for framleis ligg morgontåka tett – gamlebyen i Mantova utgjer ei halvøy i elva Mincio, som flatar ut til ein grunn innsjø her. Klimaet er difor klamt og fuktig – og ideelt for mygg. Det siste burde eg tenkt på i går kveld, då eg la meg med ope vindauge og blei vekt gong på gong av surring i øyro.
På austsida av plassen, som er brulagd med det som ser ut til å vera runde, knyttnevestore elvestein, finn eg inngangen til hertugpalasset. Palasset er ikkje berre éin bygning, men eit 34.000 kvadratmeter stort konglomerat av palass som voks usymmetrisk fram gjennom fleire hundre år: 900 rom, salar og galleri omsluttar 15 vide hagar og gardsrom.
Mellomalderborg
Det vidspurde Camera degli Sposi ligg lengst aust i palasset, midtvegs i den tilrådde hovudruta, som består av 72 rom. Sett utanfrå er dette den morskaste delen av komplekset: Castello di San Giorgio frå slutten av 1300-talet, som med sine fire firkanta hovudtårn og si djupe vollgrav verkar som ei mellomalderborg frå eventyra.
Markgreven Ludovico III Gonzaga var den fyrste som flytta inn i borga i 1459, noko han ikkje gjorde frivillig. Pave Pius II hadde kalla inn til eit internasjonalt toppmøte i Mantova for å få i stand eit nytt krosstog mot tyrkarane, og sidan paven laut få bu i dei finare, meir moderne romma i palasset, innreidde han den gamle borga til seg sjølv. Etter å ha stige opp ein prektig trappegang i det nordaustlege tårnet kjem eg til det gjævaste rommet markgreven gav Mantegna i oppdrag å utsmykka.
Hoffstaten
Camera degli Sposi fungerte både som soverom og som audienssal, ein kombinasjon som ikkje var uvanleg den gongen. I ni år arbeidde Mantegna med dekorasjonane, før alt stod ferdig i 1474. Sjølve rommet er mykje mindre enn eg hadde førestilt meg, berre 50 kvadratmeter; det er vel av di det er så metta med innhald at eg trudde det var ein svær hall. Det einaste nøytrale er det raudbrune golvet – elles er alt måla, i dei klåre fargane og med detaljrikdomen og dei tydelege linene kunstnaren er så kjend for. Så storfelt er det at eg blir rådvill, for kva skal eg festa augo på?
Eg byrjar med den såkalla Hoffstaten på nordveggen. Bak det plastisk måla, gylne forhenget, som er drege til side, ser me markgreven omgjeven av familien og dei næraste fylgjesmennene ved hoffet. Berre han og kona, tyske Barbara av Brandenburg, sit, og under stolen tittar yndlingshunden hans, Rubino, fram. Eg legg merke til den avslappa måten markgreven sit på, i vridd positur kledd i ei rosa, husleg kappe – i tøflane har han ikkje eingong sokkar. Dette i motsetnad til kona Barbara, som ber ein kostesam kjole i det same tunge, gylne stoffet som forhenget. Ved føtene hennar er ingen hund, men ein hoffdverg – slike var populære, og me veit at Barbara rådde over to.
Mystisk brev
Kva er det som gjer Mantegnas framstilling så fascinerande? Figurane er så naturtru at eg får kjensla av at dei er her i rommet saman med meg. Men det verkeleg fengslande er måten Mantegna fangar augneblinken på. Dette er nemleg ikkje eit vanleg gruppeportrett av ein stivt poserande renessansefyrste og hoffstaten hans – det er som om kunstnaren har fanga ein augneblink før eller etter at portrettet skulle «knipsast». Og kva for ein augneblink er det? Den einaste som poserer frontalt med stive augo, er dvergen. Barna har alt mista interessa; det minste held fram eit eple som det tiggar mor si om å få setja tennene i. Markgreven er òg distrahert. Sekretæren hans, som audmjukt har teke av seg luva, har nemleg nett gjeve han eit viktig brev. Kva dette brevet fortel, seier soga ingenting om. Er det ei melding om at hertugen av Milano ligg for døden? Eller at den 17 år gamle sonen til markgreven, Francesco, er blitt kardinal? Ymse teoriar verserer.
Kunstig himmel
Eg riv meg laus frå hoffscena og studerer dei andre freskeprydde veggene. Ein stad her skal kong Christian I av Danmark, Noreg og Sverige vera avbilda, har eg lese. Men før eg kjem så langt, får eg tilsnakk av den einaste andre levande personen i rommet, ei eldre museumsvakt. Eg lyt gå, seier ho. Kvifor det? Vitjarar får berre opphalda seg i rommet i fem minuttar, får eg som svar. Men her er jo ingen andre enn meg no? Surt mumlar ho noko om «to minuttar til» og kikkar vekk.
Eg kikkar opp i himmelen – i Mantegnas skilsetjande himmel som, bokstaveleg tala, dannar høgdepunktet i den illusjonistiske målarkunsten hans. For fyrste gong i kunsthistoria skaper han her ein illusjon av at rommet opnar seg mot himmelkvelven, om lag som den (reelle) opninga i kuppelen til Pantheon i Roma. Den kunstige himmelen til Mantegna syner kvinner som kikkar smilande ned på oss, og erotar (gudar i barneskapnad) som klamrar seg til rekkverket. Desse er framstilte med perspektivisk forkorting – proporsjonane deira er samantrekte, noko som skaper ei effektfull djupn i biletet.
Me har sett slike måla himlar i tak mange gonger, både i kyrkjer og palass, for seinare i renessansen og i barokken blei dette ein standard dekorasjonsmåte. Men det var her, i Mantegnas Camera degli Sposi, det byrja.
Palazzo Te
Museumsvakta prøver seg på ny. Eg freistar fyrst å diskutera med henne, så å ignorera henne, men når ho byrjar å fikla med walkietalkien, gjev eg opp. Uansett har eg meir å sjå her i Mantova, for eitt enormt palass var ikkje godt nok for gonzagaane. Ein halvtimes spasertur sørover frå hertugpalasset, utanfor dei gamle bymurane, ligg nemleg lystslottet Palazzo Te. Også det hyser illusjonistiske veggmåleri. Men dei er av den frekke og fantastiske sorten, som for dei samtidige må ha arta seg som ei underleg blanding av genial kunst, djup humanistisk daning og uhøyrd pornografi.
Palazzo Te blei påbyrja kring 1525 av ein seinare markgreve, Federico II Gonzaga (1500–1540) – han ville ha ein fredeleg stad å kurtisera elskarinna si, den vakre, gifte Isabella Boschetti. Kunstnaren som både teikna og utsmykka palasset, var Giulio Romano (1499–1546), som hadde vore elev av sjølvaste Rafael i Roma og blei ein føregangsmann innan manierismen (av maniera, «maner» eller «stil»). Denne stilretninga, som blømde midt på 1500-talet, gjekk bort frå det strenge matematisk-perspektiviske grunnlaget eldre renessansekunstnarar hadde bygd på. Romano var meir oppteken av verknaden bileta hadde på tilskodaren, og ingen stad merkar me dette tydelegare enn i Palazzo Te.
Kvart rom sitt tema
Kva gjer Romanos freskomåleri så spesielle? Kvart rom har sitt tema. Rundgangen til venstre for hovudportalen byrjar varsamt, med dei lekre romma i Appartamento delle Metamorfosi (Metamorfosesuiten), som er dekorerte med motiv frå den romerske diktaren Ovids Metamorfosar og skal ha vore Isabellas privatrom. Men om me kikkar opp i taket, som syner allegoriske tospann, merkar me at det vågale byrjar alt her: I kraftig forkorting nedanfrå blir understellet til både kjerra, hestane og den halvnakne kusken tydeleg.
Pornografisk
Det største rommet Sala dei Cavalli (Hestesalen) imponerer med Romanos utruleg naturnære veggmåleri av hestane til markgreven, som alle har individuelle trekk – ved sida av seksuelle sidesprang var hesteavl Federico II Gonzagas hovudhobby. I Sala di Psiche (Psykesalen) tek det dionysiske fullstendig av – her er drikking, nakenskap og sex frå golv til (og med) tak. Motiva er henta frå den romerske diktaren Lucius Apuleius’ soge om Amor og Psyke og illustrerer dei vågestykka og prøvingane prinsessa Psyke (som på grunn av venleiken sin hadde blitt råka av Venus’ avundsjuke) måtte gjennom for å få gifta seg med Amor.
Det pornografiske ved desse fem hundre år gamle bileta vekkjer framleis oppsikt. Til dømes det over døra mot aust, Jupiter forfører Olympias.Jupiter, for høvet omskapt til ein sjøorm, elgar seg innpå prinsessa Olympias – med ereksjon som ein hest skil han beina hennar og grip henne i andletet. Omgrepet «forføring» er ein eufemisme.
Pur disney
Men det sterkaste rommet er Sala dei Giganti (Gigantsalen) lengst sør i palasset, som syner Jupiter i det han knuser gigantane. Dette er Romanos største kunstnarlege triumf og eit umiskjenneleg brot med klassisismen til forgjengarane: Lyn og eld skyt ned frå himmelen og splintrar knausar og søyler, som haglar over dei overdimensjonerte muskelbuntane; med groteske andlet kjempar dei fånyttes imot og styrtar i havet.
Sacco di Mantova
I Sala dei Giganti er museumsvakta mindre mannvond – eg får studera detaljrikdomen i Romanos freskomålarstykke lenge nok til at eg oppfattar den grandiose heilskapen i bileta.
Det er merkeleg, dette med palassa i denne byen, for dei er i grunnen tomme skal. Bygningane og veggdekorasjonane er der, men knapt noko av dei kostesame lausøyrane som dei vitjande den gongen ovundra, finst att. Dette har med Mantovas fall å gjera. For like valdeleg som Gonzaga-æraen byrja, då dei massakrerte rivalane sine i 1328, enda stordomstida til byen i 1630: Landsknektane til den tysk-romerske keisaren plyndra og massakrerte, ei hending som er blitt heitande Sacco di Mantova. Med seg tok dei det meste av lausøyren – praktmøblane, oljemåleria og statuane. Men veggene kunne dei ikkje ta med seg.