JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Baksida

1600

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4973
20231027
4973
20231027

I dag kan me ynskje lesarane velkomne til rund bursdag her i bokstova. Det er Klok på bok nummer 1600 du les no, og det er eit tal ein ikkje skal kimse av. At kimse tyder kaste med nakken, er noko alle saman veit, så det vil me ikkje bruke spalteplass på å slå fast.

Finaste gåva til fødselsdagen fekk me på førehand frå Svenska Akademien. Marta Kløve Juuhl har sjølvsagt heilt rett når ho skriv: «Ja, det var vel kjekt for deg å skriva at forfattaren er nobel, utan å leggja til at romanen du siterer frå, er omsett til norsk seinare.»

Det gjekk 95 år frå Sigrid Undset fekk Nobelprisen i litteratur i 1928, til Jon Fosse vart vinnar i år. Boklækjaren har mistanke om at det kunne ha vore fleire verdige vinnarar frå Noreg på alle desse åra. For å finne ut om lesarane meiner me har hatt kvalifiserte kandidatar mellom ho Sigrid og han Jon, vil me be folk om å skrive til klok@dagogtid.no og namngje norske forfattarar som hadde fortent prisen i «turkeperioden». Alle som deltek i undersøkinga, er med i trekkinga av ein bokpremie. Slik kan det verte du som får ei gåve, når Klok på bok har bursdag.

Så til svaret me skulle fram til denne gongen. Oddny Espeland Ystanes skriv: «Utgangspunktet for Klok på bok 1598 var ikkje vanskeleg. Skrivestilen i tekstutdraget er umiskjenneleg Jon Fosse, og han vart fødd i 1959 eit år nobels litteraturpris gjekk til den italienske lyrikaren Salvatore Quasimodo. Men så var det kva roman me skulle fram til. Eg trudde ikkje dette var noko eg hadde lese, og ikkje ei bok eg hadde i bokhylla, så Nasjonalbiblioteket bokhylla, var redninga. Sidan boklækjarutgåva var frå 1997, var det ikkje så vanskeleg å søkja, så på andre forsøk fann eg utdraget på side 103 i Melancholia 1, som kom ut i 1995. Sidan eg ikkje eig boka, var spørsmålet om eg skulle lese boka på nett for å finne førenamnet til ein ’leiar og overlækjar som spelar ei utriveleg rolle for hovudpersonen i romanen’. Men eg valde lydbok på Storytel i staden. Etter å ha lytta til om lag 6 timar, av ei opplesing på til saman 8 t, 13 m, vart endeleg førenamnet til dokter Sandberg nemnt. Opplesaren er forresten Anderz Eide, og han les godt. Så til resten av svaret: Jolaftan 1856 er hovudpersonen Lars Hertervig pasient på Gaustad asyl, og direktør og overlækjar Ole Sandberg er vel ikkje akkurat triveleg når han nektar Hertervig å mala og seier at han aldri vert frisk om han held fram med å ’ta på seg sjølv der nede’. Takk for kjekk oppgåve.»

Gunder Runde skriv: «Flott utgåve av Dag og Tid denne veka: 15 velfortente sider om Jon Fosse, i tillegg til 21 Fosse-spørsmål på quiz-sida (eg greidde 19). Då var det i grunnen unødvendig å bla opp på Kpb-oppgåva, der er sjølvsagt også løysinga Jon Olav Fosse. Då er det berre å gå direkte til mi nokolunde fyldige Fosse-bokhylle, og velje og vrake. Allereie på første forsøk kunne eg bla opp på s. 103 i Melancholia I og finne fram til sitatet. Den rørande og gripande soga om målaren Lars Hertervig gjorde framleis inntrykk då eg bladde meg utover i boka for å finne førenamnet til overlækjar Sandberg. Han heiter Ole. Gledefylte dagar denne veka!»

På oppgåve 1598 var det lite tungsinn å spore hos desse klokingane: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Laurits Killingbergtrø, Jon Grepstad, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Ole G. Evensen, Fritjof Lampe, Aslaug Fosse, Per Trygve Karstensen, Bjørn Myrvang, Aase Tveitan Hutchison, Ole Husby, Olav Holten, Eirik Holten, Lise Haaland, Marit Karin Haugen, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Ragnhild Eggen, Bjørn O. Bjørnsen, Reidar Birkeland, Marta Kløve Juuhl, Skeisebibliotekaren i LASK, Liv Sundheim, Nils Farstad, Erik Aamlid, Synnøve Kåset, Inge Strand, Jan Alfred Sørensen, Folke Kjelleberg, Audun Gjengedal, Brita Lundeland, Jorunn Øxnevad Lie, Jarle Fanebust, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Thana Rongen, Torleif Bertelsen, Roar Øvrebust, Magnhild Reisæter, Oddny Espeland Ystanes, Ragna Barkve, Gunnar Bæra, Gunnar Eide, Olav B. Larsen, Sigrun Gjengedal Ruud, Inger Margrethe Berge, Kim Stigen Fureli, Paul Henrik Hage, Nina Korbu, Torleik Stegane og Robert Øfsti. Denne veka heiter bokvinnaren Aase Tveitan Hutchison. Gratulerer!

Klok på bok 1600

Nå forsto hun hvorfor Pappa igår, i stedet for å be Mamma om unnskyldning, hadde snudd seg mot henne og snakket vennlig til henne. Det hadde vært ment for Mamma, gjennom henne. Når man hadde gjort noe så stygt, kunne man ikke engang be den man hadde gjort det mot om unnskyldning. Det føltes for smått.

Sitatet er frå s. 123 i boklækjarutgåva (1994). På originalspråket kom boka ut fyrste gong i 1938. Me skal fram til ei novellesamling av ein forfattar frå eit naboland. Sitatet er frå ei særs sår og god novelle i løysingsboka, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på systera som deler soverom med hovudpersonen i denne novella. Send namn på syster, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 4. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis