Musikk
Bachs musikalske visittkort
Menno van Delft maktar å lokka klanglege nyansar ut or eit klavikord frå 1784.

Å komponera for fyrstehoffet eller kyrkja var noko det gjekk rutine i for tyske barokkomponistar som Johann Sebastian Bach (1685–1750). Komponisten skriv då eit partitur med alle stemmene i som kopistane nytta som kjelde til dei einskildnotearka orkestermusikarane skulle ha på notepulten sin.
Men sidan alt var handskrive i eitt eksemplar, nådde slike verk sjeldan langt ut over bygrensene. Annleis var det om komponisten valde å publisera noko på prent. Dette var eit avgjerande skritt for ein komponist – det var som å senda eit «musikalsk visittkort» ut i verda der han viste den kompositoriske kunnskapen sin for ålmenta.
Opus I
Bach drygde til han var 46 år med å publisera sitt fyrste visittkort: dei seks klaversuitane i Clavier-Übung I, som han, sjølv om han på dette tidspunktet var på høgda av karrieren, kalla «opus I». Desse suitane – Bach nyttar synonymet «partitaar» – har blitt spelte inn på CD tallause gonger før. Det spesielle ved nederlandske Menno van Delfts nye innspeling er at han ikkje nyttar cembalo eller moderne klaver, men klavikord, eit instrument me veit Bach heldt høgt. Denne kasseforma klavertypen kling så svakt at han fungerer dårleg på konsert. Det er på kammerset, der lyttarane kan samla seg kloss inntil instrumentet, han kjem til sin rett – eller på CD, der lydstyrken kan manipulerast.
Rokokkoaktig
Klavikordet Delft nyttar, bygt i 1783 av Christian Gotthelf Hoffman i det som no er den tyske delstat Thüringen, har ein vedunderleg linn klang. Det tek tid å leva seg inn i dette spede lyduniverset. Men når me fyrst har vant oss til dette, merkar med kor mange nyansar musikaren maktar å lokka ut or det.
I slik rokokkoaktig musikk står og fell alt på detaljane. Og dei har Delft full kontroll på: Herleg er den raffinerte måten akkordane blir «brotne» på; han trykkjer ikkje ned alle tonane i akkordane på éin gong, men etter kvarandre, som på ei harpe. Og så er det trillane – hjå Delft tek dei ikkje for mykje plass, men mjukar opp fraseringa og tilfører lydbiletet naudsynt klangrikdom. Den vellukka kombinasjonen av instrumenttype og tolkingsmåte gjer at eg gong på gong kjem til å putta denne CD-en i spelaren.