Fiske
Auremytar

Me tenkjer gjerne på fjellauren som noko opphavleg og naturleg som har vore på fjellet sidan tidenes morgon. Men nei: Rett nok tok dei fyrste aurane seg opp frå havet til innsjøane i låglandet på eiga hand etter siste istida. Men det var folk som bar auren til fjells, som eit slags husdyr på fast utmarksbeite under vatnet. DNA-prøvar av aurebein frå sju tusen år gamle steinalderbuplassar på Hardangervidda syner jamvel kvar fisken i dei tre hovudvassdraga i regionen blei henta frå.
Det er mytar om det naturlege ved aurestammene våre, og trua på at fisken var så mykje større før, Lars Nilssen tek eit oppgjer med i boka Ørret, som ber undertittelen En beretning om hvordan kunstig befruktning, utenlandske gener og naiv driftighet skapte Norges nasjonalfisk.
Boka er lettlesen og underhaldande, med ei fin blanding av fakta og fiskehistorier. Praktiske råd får me òg, til dømes fem tips for utsetjing av fisk i småvatn: 1. Sørg for at aureungane ikkje kan reprodusera seg. (Der må ikkje vera eigna gytebekk). 2. Ikkje set ut for mange fisk. (I ei lita tjørn er fem nok). 3. Ikkje set ut fisk oftare enn kvart tredje år. 4. Finn eit avsidesliggande og tomt vatn. 5. Hald kjeft om utsetjinga.