Musikk
Atterhalden intensitet
Mariss Jansons lagar ingen rein jubelorgie av Beethovens «korsymfoni».

Det er ikkje mange unnt å få framført ein stor symfoni på åremålsdagen sin. Men er du pave, er det mogleg: På dette liveopptaket med kringkastingsorkesteret i München får me høyra konserten som læt i Vatikanet i 2007, då gamlepaven Benedikt feira 80-årsdag. Her dirigerte Mariss Jansons Ludwig van Beethovens (1770–1827) mektigaste komposisjon, Symfoni nr. 9 i d-moll, den såkalla «korsymfonien». I dette verket frå 1824 inkluderte komponisten for fyrste gong i musikksoga vokale element i symfonien, noko som revolusjonerte sjangeren – fram til då hadde symfonien vore den største instrumentale forma, men med Beethoven blei ho til den største musikalske forma i det heile.
Framandt for vår tid
Jansons, som dirigerte Oslofilharmonien frå 1979 til 2000, lagar ikkje nokon uhemma jubelorgie av Beethovens patosfylde verk, ikkje eingong i finalesatsen, der tonane til Friedrich Schillers «Ode til gleda» gjallar med barnleg framtidsoptimisme frå solistar og kor. Så er då romantikkens glødande kjensleuttrykk noko som kan verka framandt i eit Europa som har to verdskrigar bak seg. Den siste av dei opplevde både paven og dirigenten: I 1943, same året som halvt jødiske Jansons kom til verda i jødegettoen i Riga, byrja Joseph Ratzinger som hjelpar ved eit av Luftwaffes luftvernbatteri i München.
Hissig artikulasjon
Det er den atterhaldne intensiteten i framføringa som særmerkjer Jansons’ tolking, der strame tempi, presist utførte rytmiske figurar og velforma overgangar mellom bolkane får i stand ein heilt eigen energi. Særleg vellukka tykkjer eg andresatsen «molto vivace – presto» er, der den kvasse, hissige artikulasjonen i paukane smittar over på resten av orkesteret, og gjev styrkarane ny kraft.