Musikk
Arvehyllingsmusikk
Når adelsmenn skulle heidrast, var Bach på sitt mest ambisiøse.

Dette er nok eit spesielt album for Bach Collegium Japan, for det markerer slutten på ein årelang J.S. Bach-odyssé: Etter at dei i 2013 var ferdige med å spela inn alle Bachs kyrkjekantatar på 55 CD-ar, er dei med albumet Cantatas of contentment i hamn med alle dei verdslege kantatane hans. Namnet er treffande, for dei to innspelte verka syner Bach på sitt mest hugnadsfulle, med optimistiske tekstar, yppig instrumentasjon og melodiar som for det meste går i lyse, gladlynte durtoneartar.
Intim kantate
Den eldste kantaten, Ich bin in mir vergnügt (direkte omsett «Eg er nøgd med meg sjølv»), BWV 204, blei komponert for sopransolist og orkester i Leipzig kring 1726, få år etter at Bach hadde overteke stillinga som kantor i Thomaskyrkja. Tonen i denne «moralske kantaten» er gjennomgåande så intim og naturleg at det har vore spekulert på om han tonesette teksten som «husmusikk», med kona Anna Magdalena Bach, som var ein kompetent sopran, som solist. Det er nok romantiserande ynsketenking, men likevel ein fin tanke eg ikkje klarer å fri meg frå når eg høyrer Bach Collegium Japans ypparlege sopransolist Carolyn Sampson. Den varme, mjuke klangen hennar, med dei herleg vrikkande koloraturane (rekkjene av tonar sungne på éin vokal), er noko av det beste ved CD-en.
Allegorisk kantate
Det andre stykket er frå 1737, altså frå Bachs mogne år. Det er eit såkalla «høvesverk», nærare bestemt festmusikk komponert for arvehyllinga av ein adelsmann som overtok riddargodset Wiederau utanfor Leipzig. I Angenehmes Wiederau («Hugnadsfulle Wiederau»), BWV 30a, lèt han fire allegoriske figurar hylla den nybakte riddaren: Tida (sopran), Lukka (alt), elva Elster (Tenor) og Lagnaden (bass). Slike arvehyllingsseremoniar var til for at undersåttane skulle heidra den nye godsherren, ei tilstelling der det òg møtte opp ei rekkje standspersonar for å syna vørdnaden sin.
Kan hende var det på grunn av sistnemnde at Bach la seg spesielt i selen for å skapa eit storslege instrumentert og ambisiøst komponert verk som dette? I tillegg til dei store kor-
satsane i byrjinga og på slutten, der paukar og trompetar lovprisar riddaren, syner nemleg kvar av ariane heilt særeigne instrumentale klangbilete. Spesielt lèt eg meg fascinera av klangen i den femte arien «So, wie ich die Tropfen zolle», som er forma som ein munter polonaise, ein slavisk folkedans. Her blir den kraftfulle tyske bassbarytonen Dominik Wörner akkompagnert av ein obo og ei tverrfløyte som spelar unisono på same melodi, noko som resulterer i ein litt ubestemmeleg, mild blåsarklang.