Musikk

Annleis årstider

François Lazarevitch spelar Vivaldis Le Quattro Stagioni på fløyter og sekkepipe.

CD

Antonio Vivaldi:

Le Quattro Stagioni

Les Musiciens de Saint-Julien; traversofløyte, musette og leiing: François Lazarevitch. Alpha 2017

Eg plar slita litt med konsentrasjonen når eg høyrer venetianaren Antonio Vivaldis (1678–1741) Fire årstider, op. 8, for fiolin og orkester. Altfor ofte har eg nemleg høyrt dei som bakgrunnsmusikk på tvilsame pizzarestaurantar, i heisar eller medan eg keiar meg i telefonkø. Men populariteten til desse fire fiolinkonsertane, som på italiensk heiter Le Quattro Stagioni, har lang tradisjon: Alt kort etter at dei blei komponerte og publiserte på 1720-talet, byrja andre komponistar å omarbeida dei til andre instrument.

Musetteversjon

Dette har den allsidige franske musikaren François Lazarevitch late seg inspirera av på Vivaldi-albumet sitt. Den fyrste av dei fire fiolinkonsertane, Våren, får me høyra i ei omarbeiding for musette og orkester frå 1739 av den franske komponisten Nicolas Chédeville (1705–1782).

Ein musette er ein sekkepipetype som var umåteleg populær i Frankrike i tida då Ludvig XIV «Solkongen» og Ludvig XV regjerte. Skal ein få lyd i den skotske typen sekkepipe, blæs ein lufta inn i sekken gjennom eit munnstykke. Men musetten får derimot luft gjennom ein blåsebelg som ein plasserer mellom overarmen og sida – ved å «flaksa» med overarmen blir lufta pumpa inn i sekken.

Fløyteversjonar

Chédevilles arrangement fungerer framifrå. Ikkje berre er det ei velkomen lytteavveksling til den vanlege fiolinversjonen av konserten. Den landlege tonen i Vivaldis komposisjon kjem òg ekstra godt til sin rett av di musetten, som opphavleg var eit gjetarinstrument, har ein utprega pastoral karakter. Dei tre andre konsertane, Sommaren, Hausten og Vinteren, har Lazarevitch arrangert sjølv – ikkje for musette, men for traversofløyte. Desse fungerer greitt nok, men ikkje like godt som Chédevilles musetteversjon av Våren. Likevel er dette ei plate eg vil tilrå, for det er sjeldan me får høyra Vivaldis Fire årstider på andre måtar enn standardbesetninga med fiolin.