Energi

Den siste russiske oljen

Trass i forbod og sanksjonar kjøper EU-land framleis store mengder russisk energi.

Skipet «Excelsior» ligg til kai under opninga av ein ny LNG-terminal i Wilhelmshaven i Tyskland 26. mai i år.
Publisert Sist oppdatert

Lytt:

Den 13. september kom USAs president Donald Trump med ei melding til alle Nato-land: Han er klar til å innføre monalege sanksjonar mot Russland når alle Nato-land sluttar å kjøpe olje frå Russland.

Fakta

17. juni la Europakommisjonen fram eit forslag om å fase ut import av all russisk olje og gass til EU.

Nye kontraktar vil måtte avsluttast innan 1. januar 2026.

Eksisterande kortsiktige kontraktar vert stoppa frå og med 17. juni 2026.

Kontraktar for røyrgass til land utan kyststripe må opphøyre innan utgangen av 2027.

Langsiktige kontraktar må opphøyre innan utgangen av 2027.

Oljeimporterande land må planleggje for å avslutte importen innan utgangen av 2027.

Forslaget om utfasing skal handsamast i haust.

Mykje kan seiast om denne meldinga, men ho trefte europeiske land på eit ømt punkt: Meir enn tre og eit halvt år etter fullskalainvasjonen i Ukraina, strøymer framleis olje og gass gjennom røyrleidningar frå Russland og inn i Europa. Og ved europeiske hamner vert flytande naturgass (LNG) frå russiske selskap skipa inn, før han går inn i den europeiske energimiksen.

Medan Ukraina ser på russiske oljeinstallasjonar som militære mål, og angrip dei med dronar, bidreg europeiske land og selskap til den russiske krigsøkonomien ved å kjøpe olje og gass.

Talande kakediagram

Ei sak om Europas trong for russisk energi i 2025 kan ha to alternative vinklar: ein som fortel historia om ei målretta og nødvendig energiomdreiing, på veg mot målet, og ein annan som fortel historia om krana som på ingen måtte er skrudd til. Brødteksten i begge historiene vil måtte handle om kor vrien omlegginga har vore, og vil halde fram med å vere. 

EUs kakediagram viser utviklinga i importen i korte trekk:

  • I første kvartal 2021 stod Russland for 29 prosent av oljeimporten til EU. I andre kvartal 2025 stod landet for 2 prosent.
  • I første kvartal 2021 stod Russland for 48 prosent av importen av røyrgass til EU. I andre kvartal 2025 stod landet for 12 prosent.
  • I første kvartal 2021 stod Russland for 22 prosent av flytande naturgass (LNG) til EU. I første kvartal 2025 stod landet for 19 prosent.

Trass i drastiske importreduksjonar har EU-land i perioden frå desember 2022 til september 2025 vore den største importøren av russisk røyrgass (35 prosent av den russiske eksporten), rett framfor Kina (30 prosent) og Nato-landet Tyrkia (28 prosent).

Ifølgje Centre for Research on Energy and Clean Air (CREA) har EU-land i same perioden også vore den desidert største kjøparen av flytande naturgass (50 prosent av den russiske eksporten), etterfølgde av Kina (21 prosent) og Japan (18 prosent).

Tala viser krafttaka europeiske land har teke for å frigjere seg frå russisk kraft, men også avgrensingane i politikken. Ingen reglar har vore utan unntak. 

Olje

Ta oljepolitikken. Sjølv om importen er kraftig redusert, er han ikkje borte. Når 2 prosent av oljeimporten til EU er russisk, er det fordi olje framleis strøymer gjennom den russiske røyrleidningen Druzhba, som forsyner Ungarn og Slovakia, begge utan kystlinje, med olje. Det gjer dei inntil vidare på lovleg vis, gjennom eit unntak i EU-regelverket, som generelt forbyr import av russisk olje. 

Røyrgass

Ta så røyrgasspolitikken. Også her er importen krympa, men ikkje eliminert. Eit forbod mot russisk gass til EU er enno ikkje sett i kraft, men røyrgassleidningane som skulle ta gassen til Europa er på ulikt vis sette ut av spel.  

Nord Stream 2, som skulle føre gass til Tyskland, kom aldri i drift. Nord Stream 1, også den med endepunkt i Tyskland, vart utsett for sabotasje. Bruken av Yamal-Europa, som førte gass til Polen og Tyskland via Belarus, er avslutta. Gassen som vart ført i røyrleidning gjennom Ukraina, vart avslutta ved årsskiftet, då kontrakten mellom Ukraina og Gazprom gjekk ut og det ikkje var aktuelt for Ukraina å vidareføre han. 

All russisk røyrgass til Europa går i dag gjennom røyrleidningen TurkStream, som fører gassen til Europa via Tyrkia og Balkan. Også her er Ungarn og Slovakia dei største kundane. 

LNG

Så var det flytande naturgass som – på same vis som røyrgass – hittil ikkje har vorte sanksjonert eller forbode. EU-landa har frigjort seg frå russisk røyrgass, dels ved å kutte i gassbruken, men dels også ved å gå over til LNG,  som vert levert til europeiske mottakshamner.

Ironisk nok kjem også mykje av LNG-en frå russiske selskap. Som kakediagrammet for første kvartal 2025 viser, er om lag ein femtedel av LNG-importen til EU-land russisk. Her er Frankrike den største importøren, etterfølgd av Nederland og Belgia. Mykje av LNG-en vert frakta vidare til andre land. 

Forsyningskrise

At europeiske land og selskap har halde fram med å importere store mengder russisk LNG og også monalege mengder olje og røyrgass, må for det første sjåast i lys av den europeiske forsyningskrisa og for det andre at land som Slovakia og Ungarn har krevjande forsyningslinjer, seier Arild Moe, seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt. 

Han understrekar at det ikkje er EU som er den faktiske importøren, men enkeltland og -selskap i EU.

– Då EU innførte grenser for oljeimport, ramma det i hovudsak sjøtransportert olje, medan visse unntak vart gjorde for oljeimport frå røyrleidningar, fordi det ikkje var lett for sentraleuropeiske land å omstille seg, seier han.

LNG har på si side medverka til å dempe effekten av den russiske røyrgassen som har falle bort. Samtidig bidreg denne mindre til den russiske statskassa enn røyrgassen, ifølgje Moe.

– Ein forskjell mellom russisk røyrgass og LNG er at røyrgassen vert seld av det statskontrollerte selskapet Gazprom, der overskotet av inntektene i stor grad går til staten. LNG vert produsert av eit privat selskap, sjølvsagt med band til Kreml, men som også har deleigarar frå blant anna Frankrike og Kina. LNG er også mindre skattlagd enn røyrgassen. 

Paradoks

At europeiske land og selskap held fram med å kjøpe russisk energi, passar dårleg inn i biletet av eit Europa som står solidarisk ved Ukrainas side. Fagbladet Energi og Klima skreiv tidlegare i år at EU-landa sidan fullskalainvasjonen har kjøpt russisk gass som tilsvarar verdien av 2400 F-35 kampfly. Centre for Research on Energy and Clean Air skreiv i april at EU-importen av russisk kraft i 2024 utgjorde ein større sum enn støtta til Ukraina. 

Desse bileta er ikkje pene, men Moe meiner dei må nyanserast.

Bruk av sanksjonar vil alltid skade begge partane i ein konflikt.

Arild Moe, seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt

– Betalinga for gass og olje går ikkje direkte til krigføringa. Det er skatt på overskotet, som er mykje mindre, som går til staten. Men all den tid ein fører ein politikk som skal redusere den russiske statens inntekter, vil dette vere ei problemstilling. Bruk av sanksjonar vil alltid skade begge partane i ein konflikt, og ein må prøve å finne ein balanse som skader ein sjølv minst mogleg. Ein kan ikkje reagere utan omsyn til eigen økonomi, seier han.

Forbodet kjem

I EU er haldninga at trongen for russisk energi framleis utgjer ein tryggleiksrisiko. I mai varsla Europakommisjonen eit totalforbod mot import av all gass og olje til EU innan utgangen av 2027. 17. juni kom det konkrete forslaget om gradvis å forby all olje- og gassimport. Det skjer ikkje utan protestar frå Russlands største kundar, som også er president Vladimir Putins beste vener i Europa.

Ungarn og Slovakia er sterkt imot forslaget, som Slovakias statsminister Robert Fico har kalla eit «økonomisk sjølvmord». Dei to landa har gått imot ytterlegare sanksjonar mot Russland. Slik kan dei truleg stille sterkare i forhandlingar om kompensasjon for kostnadene av eit totalforbod.

Men dei to landa vert også pressa av andre europeiske leiarar, som bruker Trumps utspel for alt det er verdt. Til dømes nytta den finske presidenten høvet til å markere semje med Trump då han for nokre dagar sidan besøkte Kyiv. Ein må sikre, sa han, at Trump er klar over kva land som finansierer den russiske krigsmaskinen ved å kjøpe russisk energi.

Meir amerikansk LNG

Det kan vere verdt å merke seg at Noreg har vorte ein viktigare leverandør til EU-land, spesielt innan røyrgass. I fjor var Noreg den største gassleverandøren til EU, og stod for over 22 prosent av EU-importen. 

Det kan også vere verdt å merke seg at USA har vorte ein langt viktigare leverandør av olje og særleg av flytande naturgass. USA har dobla prosentdelen på LNG-import til EU frå 24 prosent i første kvartal 2021 til 48 prosent i andre kvartal 2025. Som ein del av nyleg framforhandla handelsavtalen mellom EU og USA forplikta EU seg til ytterlegare kjøp av LNG.

Moe peiker på at USA såleis har eigeninteresse av at EU forbyr den russiske LNG-en. 

– Kva kan du seie om prisen på LNG samanlikna med røyrgass?

– Det er eit av ankepunkta til Ungarn og Slovakia. LNG kostar meir enn røyrgass, som det vil verte dyrt for dei å kutte. LNG har også fordelar. Det er ein meir fleksibel gass, som kan fraktast til fleire transitthamner, for så å verte transportert innover i landet. Men det er ein dyr gass. 

Russisk-kinesisk pakt

Medan EU har vore den største kjøparen av røyrgass og LNG sidan oljeforbodet tredde i kraft, har Kina vorte den største kjøparen av russisk råolje og kol, med India som den nest største. Innan kategorien petroleumsprodukt ligg Tyrkia øvst, framfor Kina, Brasil og India. 

Vil Russland kunne erstatte bortfallet av gasseksporten til EU, til dømes ved å selje meir til Kina? 

Det trur ikkje Moe.

– Det finst korkje røyrleidningar eller marknader for så store mengder, seier han.

Gazprom har sidan 2019 levert gass til Kina via røyrleidningen Power of Siberia 1. Den 2. september melde selskapet at Kina og Russland hadde signert eit juridisk bindande memorandum om å byggje ein ny røyrleidning over Mongolia, Power of Siberia 2. Men mykje er uklart ved prosjektet – korkje finansieringa, tidsplanen eller kva som ligg i eit «bindande memorandum», er kommunisert. 

Moe seier at Russland no utnyttar den eksisterande røyrleidningen på maks kapasitet og har kompensert litt for bortfallet til Europa. Men han påpeiker at voluma til Kina er mindre enn til Europa.

I tillegg må ein rekne med at prisen er monaleg lågare enn den Russland fekk i Europa.  

– Når det gjeld å byggje ny gassrøyrleidning, er det usikkert når og om han vil verte bygd. Men Kina har ein opsjon, seier han. 

Trump på telefonen

Den 16. september skreiv Europakommisjonens president Ursula von der Leyen på X at ho hadde hatt ein god prat med Trump, og at kommisjonen vil foreslå å framskunde forbodet mot all russisk fossilenergi. Når denne artikkelen går i trykken, er det uklart kva ei slik framskunding kan bety, utover planen som alt er lagd. 

Moe trur det er innanfor rekkjevidde for EU å stoppe importen av russisk olje og gass innan tidsfristen EU har sett. 

– Det er ikkje så mykje som står att. Men det er mogleg at det må byggjast nye røyrsamband, og slikt tek tid.

Uansett kor mykje von der Leyen vil framskunde utfasinga av russisk olje og gass, er det altså framleis ein veg å gå. Og skal Trump få det som han vil, må også Tyrkia, som kjøper mykje russisk olje og gass, med i loopen. (Kravet hans innebar dessutan også 50 til 100 prosent toll på kinesiske varer.) 

Moe trur Trump legg ansvaret over på andre for å sleppe å påleggje Russland strengare sanksjonar.

– Det paradoksale er jo at Slovakia og Ungarn er rekna som dei europeiske landa som er nærast allierte med Trump. Han kunne jo berre ha snakka med dei direkte.