Lukka i ei pille?

Pilla skal ned. Eg orkar ikkje vere trist lenger.

Sollys aukar produksjonen av serotonin, eit stoff som er viktig for reguleringa av humør og kjensler. Mangel på serotonin er ein kjend faktor i utviklinga av depresjon.
Publisert Sist oppdatert

Eg står på badet seint i desember 1994. Den fyrste lukkepilla ligg i handa. Eg tenkjer over alvoret ved å svelgje ho. Eg veit at den kvite pilla vil gjere noko med kroppen min, slik som smertestillande, men denne pilla er like fullt annleis: Ho skal påverke hjernen.

Medisinen skal betre humøret og søvnen, har eg lese, og auke evna mi til å fungere sosialt og skjerpe konsentrasjonen. Det verkar forlokkande. Men eg må vente i kanskje seks–åtte veker før eg merkar ein effekt.

Demonen på skuldra

Eskil Skjeldal skriv om 35 år med depresjon.

Del 2

Eg er uroleg, har alltid vore tilbakehalden med medisinar av alle slag. Og lista med biverknader har skremt meg.

Likevel er eg ikkje i tvil: Pilla skal ned. Eg orkar ikkje vere trist lenger.

Ingenting betydde noko

Då eg var 15 år, vart kjensla av at alt var meiningslaust, kasta på meg over natta. Eg vakna og merka eit stort ubehag: Ingenting betydde noko for meg lenger, ikkje venene, familien, hobbyar eller skule. Eg ville berre liggje i senga.

Men alt som seks–sju-åring hadde kjensla av at eg var trist og på sida av alt og alle, vore der. Tidleg reagerte eg negativt på sosiale samankomstar, i ungdomstida likte eg ikkje festar og jenter, og eg vart sett på som ein særling. Eg løynde at eg var ein sårbar person – og at livet var for stort for meg. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere med kjensla av å ha avslørt verda og menneska som budde i ho. Eg sleit med å skjøne kva menneska ville med meg. Eg heldt meg til bøker og musikk. Eg lærte mykje, men levde mindre.

Trist utan grunn

I dag veit eg ikkje kvifor kjensla kom over meg den morgonen i 1989. Det var ikkje ei enkelthending som var grunnen. Ei slik sut kan vere naturleg i ungdomstida, og mange er dei som har hamna i eksistensiell krise i tenåra utan å vere deprimerte. Men om denne kjensla varer ved, som ho gjorde for meg, og stadig utan at ein har ei konkret hending som årsaksforklaring – som at nokon ein er glad i, har døydd, eller ein har opplevd eit traume, som vald eller overgrep – så kan det vere tale om ein tidleg depresjon.

Tidlege symptom

Frå eg var 15 år, til eg gjekk til ein psykiater fyrste gongen som 20-åring, var eg stort sett trist. Eg sleit med konsentrasjonen og var sliten. Men eg skjøna ikkje då at eg var psykisk sjuk.

Eg kan forstå at dei rundt meg var uroa. Både syskena, foreldra og venene mine hugsar meg som tidvis isolert. Eg gjennomførte ungdomsskulen og vidaregåande, eg var aktiv i kor og i sport og hadde gode vener. Men eg likte meg best åleine. Eg skjøna ikkje korleis folk kunne glede seg over noko, ein ferie eller vitjing av ein ven, og mykje eg tok del i, var berre eit ork.

Kamuflasjen

Korleis kan det ha seg at ein ung mann med så stort indre mørke, trass i at han tilsynelatande fungerte sosialt, ikkje vart avslørt som psykisk sjuk? Ein kallar det «kamuflasje». Eg skjerpa meg kvar dag, for ikkje å verke for trist.

Eg trur òg det var tida: Vi talar meir om depresjon og angst hjå unge menneske i dag enn på 1980-talet, og vi talar om det på andre måtar. No har ungane livsmeistring i barnehagen og på skulen. Dei lærer om kjensler som skam, sinne og sorg. Psykisk helse fanst liksom ikkje i gamle dagar. Om eg høyrde dei vaksne tale om noko slikt, tala dei om «dårlege nervar».

Ja, det var gode periodar, når eg hadde kontroll på sjølvforakta. Då kunne eg vere spontan og vere saman med vener – ikkje av dårleg samvit fordi dei ville vere saman med meg og så kompenserte eg med å treffe dei no og då, men fordi eg sjølv ville vere saman med dei.

Skuldkjensla

Men oftast var eg tom for gode kjensler. Eg køyrde meg hardt på skulen, særleg på vidaregåande, med hard disiplin og gode karakterar, eit press som kom frå meg sjølv, og som eg i dag meiner forverra den vedvarande kjensla av meiningsløyse. Så kvifor sleppte eg ikkje alt og vart liggjande?

Fordi samvitet mitt sa at eg måtte halde ut. Skuldkjensle og skam er vanleg hjå ein med depresjon. Desse to kjenslene kan vere så overveldande at du vert passivisert. Skuld er ei øydeleggjande kraft. Skulda over å vere til og skamma over å vere eit dårleg menneske – ikkje fordi du har gjort noko gale, meir fordi du tenkjer på alt det du burde ha gjort – et deg opp frå innsida. Heile tida leiter du etter ting ved deg sjølv som er dårlege. Du er alltid på etterskot med vener og familie som gjerne vil sjå deg. Men du har ikkje noko å gi, fordi du er tom inni deg.

Eg vart ikkje liggjande, sjølv om eg burde, fordi samvitet mitt var sterkt. Eg vart snarare meir pliktoppfyllande enn eg elles ville vore. Eg vart ein person som piska seg fram i livet, men det leidde berre til meir vonløyse.

Psykologen

Etter militæret byrja eg å studere. Då hadde dei mørke tankane vorte ein del av meg. Eg las om psykisk helse for å finne ut kva som feila meg. Eg las om ulike diagnosar, som depresjon, angst, bipolar liding og så bortetter. Eg kjende meg att i depresjonen. Eg las at piller kunne hjelpe.

Då eg vart 20 år, tala eg for fyrste gong med eit anna menneske om mørket mitt. Eg hadde manna meg opp og bestilt time hjå studentpsykologen på Blindern. Eg ser i dagbøkene mine frå den tida: «23/10 94: Var hjå psykologen på Studentsamskipnaden i dag. Fann ikkje dei rette orda, men fekk i det minste sagt at eg ville ha piller, fordi eg kjenner meg tom. Han spurde kvifor. Eg laug, sa eg ikkje visste heilt. Han sa at han ikkje kunne skrive ut medisinar, fortalde at han var psykolog, og at dei ‘ikkje arbeidde slik’ (ved å gje pasienten medisinar). Han sa eg i så fall måtte gå via legen min, og tilrådde at eg gjekk til ein psykiater.»

Psykiateren

Tre veker etter står det i dagboka: «Eg har fått namnet på ein velrenommert psykiater i Oslo. Ein ven av meg, som kjenner han, sa at eg berre måtte ringje når det passar meg.»

Rett før jul i 1994 ringde eg. På telefonen sa han at han kunne gje meg det eg ønskte: ei vurdering om eg trong behandling. Eg skulle få fire timar med konsultasjon. Men han hadde diverre ikkje tid til å ta meg som fast pasient.

Denne gongen førebudde eg meg godt. Då eg gjekk inn i det gamle murhuset i Oslo, ville eg fortelje mest mogleg. Eg tala på inn- og utpust. Eg fortalde han at eg kjende meg isolert frå alle. At eg ikkje kjende at eg var glad i nokon. At eg aldri gledde meg til noko.

Han spurde om eg åt, og eg sa eg åt regelmessig, men berre fordi eg trena mykje. Det at eg var fysisk aktiv, likte han. Han spurde om eg sov om natta. Eg sa eg sov fire til fem timer kvar natt. Han sa det var for lite.

Han tok meg på alvor. Etter den siste timen sa han at hjernen min trong å auke mengda av tilgjengeleg serotonin. Eg skjøna ikkje kva han sa, men han ville setje meg på ein av dei nyaste medisinane som fanst: Seroxat, eit antidepressiv som hadde kome til Noreg året før. Han sa at pillene kunne forbetre stemningsleiet, men òg hjelpe meg å sove betre. Der og då brydde eg meg ikkje om kva pilla skulle gjere i hjernen min, var berre letta over at eg fekk noko som kanskje kunne hjelpe.

Sju år etter at eg vakna som ein mørk 15-åring, fekk eg endeleg svar på kva som feila meg. Psykiateren sa eg leid av depresjon.

Dei ulike skulane

På den tida visste eg ikkje om dei ulike skuleretningane når det gjeld behandling med medisinar mot depresjon. Eg hadde ikkje brydd meg. Men då som no varierer dette frå den biologisk-psykiatriske retninga – depresjonen vert forstått som ein biologisk ubalanse i hjernen, og medisinane må inn for å regulere hjernen – til den antipsykiatriske skulen som meiner at depresjon ikkje kjem av ubalanse i hjernen, men er ein naturleg reaksjon på trugande livsomstende, krav frå samfunnet, traume og stress.

Eg merka brått at eg for fyrste gong på mange år gledde meg til noko: Ville medisinane verke?

Eskil Skjeldal

I den antipsykiatriske skulen er ikkje depresjon ein sjukdom som kan bøtast på med medisinar. Her finn vi dei kritiske røystene til legemiddelindustrien. Dei sosiale tilhøva kring pasienten skal styrkjast, eksistensielle spørsmål og traume skal behandlast med samtaleterapi, ikkje piller. Fokuset er på å få pasienten til å skjøne eigne reaksjonar og tolke dei som naturlege responsar på stress.

Mellom dei to retningane finn vi variantar av blanding med medisin og samtaleterapi, som den psykodynamiske skulen eller den kognitive åtferdsterapeutiske retninga.

Om eg hadde vore interessert i å lese meg opp, ville eg ha funne stor usemje i fagmiljøa, der mykje av diskusjonen går føre seg med uterøyst. Særleg kritikken mot legemiddelindustrien – som somme ser på som ein profittstyrt og skamlaus industri som tener seg søkkrik gjennom påverknadskampanjar mot psykiaterstanden – er sterk, spesielt i USA. Om eg hadde oppdatert meg på polemikken mot medisinane, ville eg framleis ha teke pillene. Eg var for utkøyrd av å vere trist. Eg måtte freiste noko nytt.

Benzo

Det einaste eg ikkje ville bruke, var benzodiazepin, eit legemiddel nytta primært for å roe eit menneske, dempe angst eller stille krampar. Dei mest kjende benzodiazepinane er Valium, Sobril og Ativan. Eg visste at dei var avhengnadsskapande. Angst og uro var ikkje ein del av det daglege slitet for meg, så det var heller aldri tale om å få desse utskrivne.

Somme må ha desse medikamenta, i eit kortare tidsrom på to–fire veker, og eg meiner ikkje at ingen bør nytte dei. Men eg ville ikkje ha dei. Eg ville ha noko eg kunne stå på lenge og som ikkje ville gjere kroppen min avhengig.

Dei fyrste medisinane

Då eg var 20 år, tok eg altså den fyrste pilla. No hadde eg lese meg opp på Seroxat: Det er ein medisin som er i gruppa selektive serotoninopptakshemmarar (SSRI), nytta for å auke serotoninet i hjernen, nevrotransmitteren som er knytt til humøret vårt ved reguleringa av kjensla av velvære. Serotonin er ein viktig bodbringar, las eg, som påverkar fleire prosessar i kroppen. Eg tok altså ei pille som ville rote rundt i hjernen min. Eg tala ikkje med familien min, ville halde det for meg sjølv.

Biverknadene

Men biverknadene var mange. Eg kunne få hovudpine og kvalme, sveitte meir, få svakare libido, endringar i vekta og skjelvingar. Det var òg risiko for sjølvmord.

Lista skremde meg. Likevel tok eg pilla.

Kvifor? Eg fekk tillit til psykiateren, nett som eg i dag har tillit til fastlegen min om han seier eg må gå på medisinar dersom hjartet eller nyrene treng det. Eg var sliten av meiningsløysa. Eg var òg nyfiken, ville sjå om dei verka. Eg tenkte som så: Kan det verte noko verre? Svaret var nei. Det var òg spennande å freiste noko nytt. Eg hadde mitt eige forskingsprosjekt, og eg merka brått at eg for fyrste gong på mange år gledde meg til noko: Ville medisinane verke?

Etter seks veker merka eg ein skilnad: Eg var ikkje så trist som eg pleidde å vere. Eg sov betre og lenger. Plutseleg ville eg vere saman med vener, og eg såg bjørka som blomstra i april.

Gode og dårlege sider

Det gode med desse pillene var at eg vart sløv av dei. Det var som om nokon demonterte det fininnstilte radioapparatet mitt, slik at alle signala frå menneska ikkje kom inn i systemet. Det var ei velsigna og stille tid, med lite indre støy. Medisinane tok vekk dei djupe dalstroka i meg der eg kunne ende opp fordi ein liten ting sette meg ut, som ei rekning eg hadde gløymt, eller ein sosial samankomst eg visste eg måtte på. No vima eg rundt utan at noko eller nokon rørte meg.

Om eg hadde hatt kjærast og barn, ville denne la-det-fare-haldninga vore problematisk for dei. Dei ville ha oppfatta meg som ein som ikkje brydde seg om noko, og med god grunn: Eg lét verda fare, og det var godt å sleppe. Men eg hadde ingen nær meg. Eg hadde flytta heimanfrå og hadde berre ansvar for meg sjølv.

Ulempene ved Seroxat var at eg vart uhorveleg trøytt heile dagen. Eg var småkvalm frå morgon til kveld, toppa med ein svak hovudpine. Eg hugsar at eg sat på lesesalen, og at bokstavane dansa framfor auga, sjølv om klokka berre var 08.45 og eg hadde sove godt.

Dette var òg grunnen til at eg slutta med pillene etter halvtanna år. Eg kjende meg mest ikkje att, sleit med å lese og konsentrere meg, var konstant svolten og rar i kroppen. Det passa dårleg med ei hektisk studietid, med eksamenar og undervisning i eitt sett.

Men det tok berre ein månad før mørket flytta inn att.