Musikk
Fødd til å springe frå fortida
Å grave i fortida til Bruce Springsteen er slett ikkje ein dårleg måte å bruke sommarferien på.

I 1982 var Bruce Springsteen ein 33 år gamal einsleg mann, ferdig med turné over to kontinent, ein turné som feira dobbeltalbumet The River og hitsingelen «Hungry Heart», starten på superstjerna Bruce Springsteen som er born to run. Det var berre det at denne superstjerna var sliten.
For å komme seg leigde han eit hus i New Jersey og fekk låne ei teknisk nyvinning: ein firesporsopptakar. Den nytta han til å spele inn Nebraska, ei soloplate ulik alt anna han hadde gjort tidlegare. Eigentleg ulikt det meste dei fleste både før og etter har gjort. Det fjerna grensa mellom demoinnspeling og studioinnspeling. Nært, privat og åleine. Godt fortalt i boka, som forresten kjem som film til hausten.
Åleine
Nebraska gjorde han i stand til å innsjå at det ikkje berre var éin måte å lage musikk på. Han kunne gjere det utan band, åleine. I ei blanding av fridom og sjølvstende, men òg som ei løysing for eksperimentering.
Tracks II viser dette over 83 songar. Dei fleste ville ha vore eit karrierehøgdepunkt for dei fleste andre artistar. Men dei fleste andre artistar er ikkje Bruce Springsteen. Her får ein oppleve korleis han jobba seg vidare frå «Nebraska» (spoiler: han laga Born in the U.S.A.) fram til perioden rundt roots-utgjevinga Western Stars i 2019. Spreidd over sju album.
Sju album er kanskje ikkje så mykje om du heiter Neil Young. Han har ei skrotnissetilnærming til arkivet sitt, og hiv ut gammal musikk i bulk. Medan Bob Dylan har ei meir museumskuratert tilnærming til arkiva sine.
Springsteen ligg ein stad mellom dei to. Tracks II er strengt tatt seks album, slik dei ein gong var tiltenkt å møte verda. Det sjuande er litt ihopsop av låtar. Minst eitt av dei seks albuma vil nokon oppleve som unødvendig. Kvifor eitt vil variere etter kven du er.
Noko er rå, upolerte songar med E Street Band, der mellom anna ein annan versjon av «My Hometown» dukkar opp saman med entusiastlåtar som B-sida til singelen «Born in The U.S.A.», «Shut Out the Light».
Irriterande mykje godt
Eit album kom av begeistring over å oppdage konseptet trommeloop etter Oscar-vinnaren «Streets of Philadelphia». Eit anna har mariachi-orkester, faktisk to orkester. Vi får høyre lydsporet til ein film det aldri blei noko av, før ei rein countryplate med Nashville i tittelen og fleire songar som heiter noko med «man». Og så ei med seige kveldsballadar, pianobar-Bruce mellom Sinatra og Waits.
Det er lite verkeleg uinteressant og svakt materiale her, sjølv om pianobaralbumet er nær. Heller irriterande mykje godt, som særleg set det Springsteen faktisk gav ut desse åra, i eit nytt perspektiv.
Som «Maybe I don’t Know You», ein sørgjande synthstrykande ballade som kunne ha vore med på Tunnel of Love, det andre Springsteen-albumet frå åttitalet som han nærast var åleine om.
«Something in the Well», frå same samling, kunne ha vore ein låt på The Ghost of Tom Joad, mens den akustiske, gitar-ausande «Where You Going, Where You From» frå Faithless, filmen som aldri skjedde, viser noko av Springsteens kviskrande eleganse. «Adelita» er ein tex-mex-ballade med ei mektig avslutning. Til dømes.
Boks med perspektiv
Eg må på det sterkaste få understreke at dette er ein albumboks som fungerer som fysisk boks, og ikkje som ei tilfeldig speleliste i favorittstrøymetenesta di. I boksen har platene eigne omslag, djuptgåande tekster, litt krimskrams og mykje perspektiv.
På strøyming er – vel, namna er borte – tekstene er tilgjengelege, om du tek deg tida. Tid treng du uansett, nøyaktig 319 minutt og 48 sekund, langt over fem timar.
Som han seier i det gode essayet som fylgjer med boksen: «Eg har skrive mykje om å prøva å springa frå fortida – og om korleis ho tek deg igjen.»
Her lèt han fortida gjere det. Det finst mykje verre ting å gjere denne sommaren.