Kommentar
Hastetiltak mot hjerneròte
Regjeringa vil vise styrke mot skjermane. Men er det nok?

Høyr kommentaren:
Stortingsmeldinga om ein trygg digital oppvekst vart lansert sist veke, utan at det skapte stort oppstuss i allmenta. Då eg las Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn, surra ein melodi eg nyleg høyrde det yngste barnet mitt synge, i hovudet. Teksten består av ord og lydar, i tilsynelatande tilfeldig rekkefølge, og sluttar slik: tung tung tung sahor. Songen er frå italian brainrot-universet, som trendar på TikTok om dagen.
Ordet brainrot, hjerneròte, vart kåra til årets ord av Oxford University Press i fjor. Det viser til den antatt vegetative tilstanden som oppstår som følgje av overstadig konsum av lite intellektuelt utfordrande videoar på TikTok og YouTube.
Ting tar tid
Ordet hjerneròte gjekk rett inn i vokabularet til teknologiskeptiske middelklasseforeldre, og burde – ideelt sett – ha vore verksamt for å skape ein fryktkultur blant barn og unge òg. Men i deira parallelle nettunivers er brainrot noko ein ler av. Om du, kjære lesar, framleis er i stuss om kva italian brainrot er, så gjer for all del ingen eigne undersøkingar.
Tru meg, det er KI-generert TikTok-svada. Poenget mitt er at den digitale kvardagen til barn og unge som denne stortingsmeldinga handlar om, endrar seg i eit rasande tempo. Utgreiingar om korleis ein best mogleg kan regulere, samstundes som ein tar omsyn til einskildindividets fridom, tar tid. Ein halsar alltid etter. Men det er ekstremt viktig.
Meldinga dokumenterer at mange barn og unge brukar for mykje tid framfor skjermen, at dei møter skadeleg innhald, kynisk reklame, og at dette får størst negative konsekvensar for dei som er aller mest sårbare. Samtidig finst ein tydeleg vilje til å regulere gjennom konkrete tiltak.
Men etter så mange år, og så mange utspel, skulle eg likevel ha ønskt meir kraft på tiltakssida. Forslaget om ei aldersgrense på 15 år for sosiale medium vart varsla før jul. Denne stortingsmeldinga slår fast at det skal sendast ut på høyring.
Vanskeleg balanse
Regjeringa vil også halde skulen mobilfri og sikre «en bedre balanse mellom skjerm og bok i undervisningen», kan ein lese. Mange barn og unge synest det er for lite skjerm og for mange bøker i skulen. Seks av ti lærarar synest det er for mykje skjerm og for lite bok, ifølgje ei undersøking Skolenes landsforbund gjorde i fjor.
Men er det dei seks som synest det er for mykje, eller dei fire som ikkje synest det, som har funne balansepunktet? Eller skal ein kanskje heller lytte til Utdanningsforbundets leiar Geir Røsvoll, som seier at ein bør ha tillit til at lærarane kan gjere faglege og pedagogiske vurderingar? Samstundes er bakteppet for meldinga at norsk skule som heilskap ikkje treffer planken når det gjeld skjermbruk.
Skal ein balansere, må nokon seie kva som er rett fordeling. Stortingsmeldinga svarar ikkje på det. Men kanskje det også skal ut på høyring?
Bot for betring
Regjeringa vil også ansvarleggjere og regulere teknologiselskapa og forby åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn. Tiltaket er godt, og det skal sikkert ut på høyring, det òg. Mitt innspel kjem her og no: Lova bør vere mest mogleg detaljert, og avvik bør straffast med skyhøge bøter.
Desse selskapa ein vil regulere, har tilsett ein heil myriade av advokatar som har som oppgåve å identifisere smetthol i lova og unngå at selskapa blir stilte til ansvar. Meldinga legg opp til eit samarbeid med dei andre nordiske landa og EU, og det er nok eit svært godt grep med tanke på kven som er motparten.
Kompetanseparadokset
Barn og unge i Noreg er på verdstoppen i bruk av digitale einingar. Både på skulen og i fritida. Det lèt seg likevel ikkje påvise at det har gitt dei ein spesielt høg digital kompetanse. Den internasjonale studien ICILS testar digital kompetanse og algoritmisk tenking. Her presterer norske elevar rett nok over gjennomsnittet i digital kompetanse, men så mange som 40 prosent av elevane er på aller lågaste nivå.
Sjølv har eg observert at overraskande mange av dei opererer på høgt nivå når det gjeld korleis ein snik seg rundt tidssperrer, filter og andre reguleringar, for å sikre tilgang til italian brainrot og andre freistande digitale tilbod.
Og her finst ein direkte parallell til teknologiselskapa og dingsane deira. Skjermane og appane har ei oppsiktsvekkande evne til å finne ein veg inn, også når ein bestemmer seg for å halde dei ute. Er det ikkje skulen, så er det jobben, fritidsaktivitetane, underhaldninga, det sosiale livet eller årelange brukaravtaler, som dei fleste signerer fort, men som har ei rekkevidde det er vanskeleg å sjå omfanget av.
Ein og ein bit
Det er ikkje sikkert at alle tiltak i meldinga er like treffsikre, like målretta som dei burde vere. Og eg er på ingen måte overtydd om at det er nok. Men det finst ein vilje.
Det vi ikkje treng no, er digital whataboutism, skulefolk som peikar på heimen og seier at verkelege hjerneròten skjer i fritida, eller foreldre som berre vil snakke om det som skjer på skulen. Og vi må for all del ikkje la aldersgrense på sosiale medium strande på at det blir krevjande å handheve, eller på at det er urettvist å innføre aldersgrense på sosiale medium når gaming og diverse appar kan ha omtrent akkurat den same verknaden på barna.
Eg håpar på fleire tiltak og at regjeringa hentar inspirasjon frå Klovner i kamps tekst om korleis ein går fram for å ete ein kval – «en bit av gangen».