Samtale

Kva er ein autist?

Ei rik, ny bok om seindiagnostisert autisme krev noko som minner om ei truvedkjenning.
  

Johanne Nordby Wernø har skrive boka Kaninen har stått opp – autistiske journaler, ein litterær hybrid om å innsjå i vaksen alder at ein er autist.
Publisert Sist oppdatert

Johanne Nordby Wernø har skrive ei lovlaus og vilter bok som blandar grep frå essaysjangeren, memoarar, brev og fiksjon – uanfekta av litterære konvensjonar. Det er begeistrande, for slikt renn det ikkje over med i norsk samtidslitteratur.

Kaninen har stått opp. Autistiske journaler handlar om korleis Wernø – som kurator, kritikar og leiar av eige kommunikasjonsbyrå – som pandemiutbrend småbarnsmor kjem fram til at ho er autistisk. I stil med detektivane ho dagleg les om i Agatha Christie-bøker, samlar ho prov på at ho kvalifiserer til ein autismediagnose – noko ho omsider får, ved ein privat klinikk.

Ho les seg opp på britiske autismeaktivistar og nye teoriar om nevrodiversitet, og finn tekstlege teikn på at mange av dei ho har interessert seg for opp gjennom – David Byrne, Hercule Poirot, Andy Warhol – kanskje var udiagnostiserte åndsfrendar.

Boka har fått strålande omtalar. Morgenbladet tippar at dette blir ståande som årets beste sakprosabok, og seier det «bare er å gi seg ende over». Dagbladet gir terningkast fem og seier – med litt tåkeleggande patos – at boka kan «lære nevronormale mennesker noe om det å eksistere og sanse verden. For bare den som står utenfor kan se rett inn». Bok365 kallar boka «en appell om nye holdninger til nevrodiversitet». Ingen av litteraturmeldarane problematiserer at boka kviler på ein ideologisk svært betent premiss.

Hovudpoenga her er 1. Å vere autist er ikkje å ha ein produksjonsfeil, det er å vere ein grunnleggande annleis type menneske enn dei nevronormale. Om dei andre er ein PC, er eg ein Mac, seier Wernø. Ho seier at det viser seg at ho ikkje er ein dårleg hest, men ein heilt vanleg sebra. Og 2. Å endeleg få autismediagnosen gjorde verda grøn og full av von. Idet ho såg «autisme-lyset», blei alt betre.

«Det viktigaste med mottakinga er at eg får bodskapen i boka ut til autistiske folk og folka dei har rundt seg», seier Wernø over video.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement