Utdanning
Fleire tek privat, kristen utdanning
Det går ei religiøs vekking over landet, parallelt med at kommunestyre og fylkesting legg ned offentlege skular.
– Kyrkjebygningen her er frå 1695 og er eit sentralt punkt i bygda. Barnehagen brukar han gjennom heile året og har juleavslutningar der, og det ønskjer vi no å bringe vidare inn i skulen òg. I dei tidene vi lever i no, er det mange som søkjer etter forankring, og det kan kyrkja tilby, seier Elise Tjørnsletten.
Ho har nyleg flytta attende til heimbygda Lesjaskog og leier no ei foreldregruppe som har søkt om å få starte kristen privatskule for 1.–10. trinn i bygda der det i dag er 60 elevar i skulen.
Timinga er ikkje heilt tilfeldig.
Like før jul vart ungdomsskulen i bygda nord i Gudbrandsdalen vedteken nedlagd, slik at elevane i 8., 9. og 10. klasse frå hausten av skal bussast til og frå ungdomsskulen i kommunesenteret Lesja i staden. For mange av elevane vil det innebere bortimot ein time på buss kvar veg, ifølgje Tjørnsletten.
Ho håpar dei skal kunne velje bussturen vekk att frå neste haust. Ho seier den kristne skulen då også vil vere klar til å overta dei yngre elevane ved dagens skule på Lesjaskog, dersom han vert godkjend av Utdanningsdirektoratet.
Vert han det, vert Lesjaskog del av ein nasjonal trend.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.