Kommentar

Paradokset i kristendomen

Vevnaden av ytre makt og religiøs mystikk pregar katolisismen.
  

Publisert Sist oppdatert

Vi har nett fått ein ny pave i Roma. Valet av ny ambassadør for Gud på jorda fylte alle medium. Tradisjonane og rituala i Den katolske kyrkja har fanga interessa til den verdslege ålmenta. På skjermen har vi vore vitne til noko hundreårgamalt og gåtefullt, men kommentert som eit kongebryllaup, eit sportsstemne eller ei politisk valvake.

For pavevalet hadde mange innslag som kunne underhalda: Dei praktfulle draktene til kardinalane, uforståelege seremoniar, tusenvis av menneske samla på Petersplassen, stirande på ei skorsteinspipe, om ikkje røyken snart kjem ut, om han då er svart eller kvit.

Ikkje berre sekulære menneske lét seg fascinera av dette. Katolikkar kalla valprosessen «nervepirrande å følgje med på», og såg den nye paven som ein «underdog», ein tale som tek oss til fotballbanen eller travbanen, eller til politiske val.

Idet kardinalane vart fråtekne mobiltelefonane sine og låste inne i Det sixtinske kapellet, gjekk startsskotet som for langdistanselaup i OL, i herreklassa sjølvsagt, og med halve feltet over åtti.

Dobbelttydinga

Men ikkje alt i denne lukka forsamlinga av kardinalar kan jamførast med idretten og politikken. Isoleringa skal leggja til rette for at kardinalane kan vera lydhøyre når Gud seier frå om kven han vil ha som Jesu avløysar i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement