Frå bridgeverda
Vømmøldalens siste vår
Det vart folksamt på Impregneringa då Lundamo bridgeklubb feira 80-årsjubileum.
Foto: Erlend Skjetne
Blant dei mange bridgeklubbane som oppstod under eller straks etter andre verdskrigen, er nokre framleis i vigør. Nyleg feira Lundamo bridgeklubb 80-årsjubileum, og dette fekk meg til å tenkje på min eigen bridgebarndom på 40-talet, eller var det 90-talet... Bridgespelarar er mest opptekne av å hugse kort. Historia om dei mange bridgeklubbane i norske bygder og byar ligg i stor grad i pappesker i kjellarar og på loft.
Lundamo er ein liten stad i kommunen eg sjølv reknar som heime, Melhus i Sør-Trøndelag. Bridgeklubb fekk staden etter initiativ frå ei gruppe menn og ein kortgalen gutunge. Stiftingsmøtet skjedde i lokala til sagbruksverksemda Trøndelag impregnering, der klubben spela dei fyrste åra.
Som så mange andre rurale klubbar er Lundamo BK sterkt prega av nokre vidgreinte bridgeklanar. Blant grunnleggjarane var minst éin stykk Helgemo, eit namn som seinare har vorte synonymt med briljant bridge, då Geir Helgemo frå Røros er ein spelar i verdsklasse. I Lundamo-traktene har han ein haug med bridgeslektningar. I slekt med Helgemo-ane att er eit koppel av spelarar kalla Løhre – ein av dei, Arnt Ola, er i dag leiar i klubben. Eit anna kjent namn på staden er Høyem, med gamle Rigmor som matriark og ei rekkje etterkomarar som alle spelar bridge.
For mange år sidan ervde eg ein holete sko, då den gamle læremeisteren min Kjell Olav Gisnås måtte amputere eit bein. For å vera meir spesifikk var det bridgespalta i lokalavisa Trønderbladet han overdrog til meg. Spalta har vorte nedlagd og dukka opp att i ymse lokalaviser fleire gonger, men finst no i Gauldalsposten. Det er ikkje lett å vera optimist i denne spalta: Melhus bridgeklubb ligg brakk, Berkåk overlever så vidt, Singsås er standhaftig, men skøyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.