Sport før og no
Uvanleg hamskifte
På e-post skriv Cecilie Leganger at ho er glad for at ho den gongen fekk halde på med aktivitetar ho elska, i tillegg til handballidenskapen.
Foto: Erik Johansen / NTB
Etter tallause medaljar og bjøllesigrar har Noreg mange legendariske handballkvinner. Eg vil hevde at Cecilie Leganger er blant dei aller fremste. I 2001 blei ho kåra til verdas beste kvinnelege handballspelar. Då karrieren var over, gjorde Leganger noko lite handballaktig. I staden for å bli fysioterapeut eller dukke opp i TV 2-sporten vart ho musikar.
Det finst mange som, når dei først har blitt kjende, skal prøve litt av kvart i den kommersielle verda. Men Leganger meiner det ho gjer.
Sjølv om ho framleis smiler like breitt, sit ho no ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, ser på havet og speler noko så sjeldan som theremin – det einaste instrumentet ein kan spele på utan å vere nær det.
Blant idrettsutøvarar blir det truleg færre slike hamskifte i tida framover. Med fotballtreningar, kampar og fotballfritidsordning frå fireårsalderen blir tida til bandøving, slåball i gata og anna utforsking mindre.
Denne tidlege spesialiseringa ser ein også tendensar til innanfor kroppsøvingsfaget. Før var dei som var gode i fotball, stort sett gode i alt ballspel – no er dei best i sin sport.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.