Sport før og no
Utstyret tel
Form, spenn og bindingar verkar inn på køyrekomfort. Men er du god, fiksar du det meste.
Foto: Abbie Parr / AP / NTB
I påska prøvde eg ut skitrekket i Myrkdalen i Voss. Eg leita fram snøbrettet kjøpt på Obs! i 1999, kjøpte svindyre heiskort til 1620 kroner – for det er det tre dagar i trekket kostar – og lånte nokre skibriller som var i ferd med å smuldre opp.
I den lange heiskøen får eg tid til å studere ski‑klientellet. Nesten alle køyrer slalåm, det vil seie twin‑tip, ingen har telemarkski, og berre eit fåtal står på snøbrett, som for tjue år sidan var mykje meir vanleg – og strengt teke det kulaste.
Bakken er hard. Brettet mitt skjer seg ned i snøen og bråbremsar stadig. Eg går på trynet fleire gonger og blir rett og slett litt sur. Mens eg sit der og samlar krefter, suser ein brettkøyrar forbi meg. Trass i hasj-os ser det leikande enkelt ut.
På toppen av fjellet ulmar dessutan ein snøstorm. Dei elendige brillene gjer at sikta mi avgrensar seg til ein meter, og barna mine, som køyrer slålåm, har eg mista kontroll på for lengst. Eg kan ikkje forstå at eg er blitt så elendig sidan sist.
Straks eg er innandørs, startar eg difor å granske kva som er feil. Brillene manglar både antidoggeffekt og kontrastforsterkar, så den er grei.
Etter litt googling av gamle brett, kjem svaret svart på kvitt: Å køyre eit tjue år gammalt upreppa brett kan samanliknast med å køyre ein gammal bil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.