Sport før og no

Trene på kviledagen

Sprintaren Eric Liddell var også misjonær, i Kina er han blitt folkehelt.
Publisert Sist oppdatert

Gamlepresten i bygda skal ha vore eit fotballtalent ein gong, det fanst berre eitt hinder: Han kunne ikkje trene på søndagar, og difor vart han visst aldri god nok. Blant idrettsentusiastar kan ein høyre mange forklaringar på kvifor akkurat dei ikkje vart plukka ut blant få, men denne var ny for meg.

Skotten Eric Liddell nekta å konkurrere på 100 meter, som var hans beste øving, i OL i 1924 fordi det var på ein søndag. Han vann like godt gull på 400 meter ein annan dag.

Den britiske trestegutøvaren Jonathan Edwards stod over finalen i verdsmeisterskapen i 1991 av same grunn. Seinare endra han syn, og kom fram til at Gud hadde gitt han talentet for at han skulle bruke det. Edwards skal etter kvart ha endra trua si, og uttalte til The Times at han først var avvisande til idrettspsykologi, men seinare forstod at trua på Gud var idrettspsykologi i alt utan namnet.

I dag er det sjeldan ein høyrer om toppidrettsutøvarar som ikkje vil konkurrere på søndagar, men det hender ein høyrer om utøvarar som blir påverka av ramadan. Den britiske boksaren Amir Khan gjekk i 2014 glipp av ein storkamp mot Floyd Mayweather fordi faste i ein heil månad gjorde at han ikkje var godt nok førebudd til kamp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement