Innsida

Sake og øl i Setesdal

Publisert

På Austad i Setesdal ligg Bygland Bryggeri. Torkjel Austad lagar øl på tradisjonelt vis saman med meisterbryggar Ivar Geithung frå Selland på Voss. Dei brukar kveik og gamle koparkjelar over open eld for å skapa det rette brygget. Denne måten å laga øl på er, ifylgje Ivar, ein av verdas eldste kjende metodar. Ein artig digresjon er at bryggarsveinen til Ivar, Johnny Pedersen, er den siste hjå jernbanen som hadde tittelen «simpel knog». Det var jernbanearbeidaren som var lågast på rangstigen, under rallaren.

Johnny har òg fått eit øl oppkalla etter dette yrket. Øl kan dei iallfall, desse karane. Det er grunn til å tru at me i Skandinavia (les: Noreg) var blant dei aller fyrste som laga øl. Men på Austad driv dei òg med særs komplisert japansk drikkekultur.

Sake skal vera noko av det vanskelegaste ein kan produsera av drikke, men Torkjel har både japansk kone og har budd i Japan, der han har teke sake-utdanning. Risen er naturlegvis frå Japan, men vatnet kjem frå Setesdal. Så langt Innsida har klart å undersøka, skal Rannei Sake frå Bygland vera den einaste som vert produsert i Norden. Ekstra artig er det naturlegvis at saken ikkje er laga med japansk gjær, men med kveik frå Voss. Den same som Ivar brukar på ølsamarbeidet mellom Vasstronde og Bygland.

Namnet Rannei er ikkje japansk. Det skriv seg frå ei gamal segn frå Setesdal om Reiar som ville vinna hjarta til den vakre Rannei. Reiar måtte kryssa ein stor foss for å koma til jenta si. Fossen heiter sjølvsagt Reiarfossen. Ved fossen ligg bryggeriet og Ose vatn, som vert sendt ut frå Setesdal til både USA, Kina og Sør-Korea.

Godt vatn og gode folk vert til smakfulle opplevingar i Setesdal.

Hotell med eigen slaktar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement