Frå innsida
Radikalt baksnakk
Får ein gnagsår i øyra inne på ferja, er det godt å gå ut på dekk og puste litt. Hin dagen stod denne karen der. Han peika på søppelkassa og talte om folkeskikk. Merkeleg.
Ser du lyset i tåka? Kven skal du kle deg ut som på halloween? Trump, Putin eller ein annan zombie?
Først er det slimålfest. Slimåldagen fell på tredje onsdagen i oktober, men det er lov å feire helga etter. Slimålen et død fisk. Og fisk er topp.
Sjølv duvar eg dagleg på ein halvdød fjord, til og frå slitet inne i storbyen; vi sit som sild i tønne med nasen i skjermen og dårleg ande og prøver å sjå framover.
Det som er fint, er at ein får høyre mykje sladder.
Folk snakkar om ungane sine, foreldre og svigerforeldre, kollegaer, fastlegen og ho som fekk eit rådyr inn i stova i mai, for ikkje å snakke om korleis dei sjølve har det, med oppussing, søvnløyse, lyskestrekk og så vidare.
Her ein dag blei eg sittande bak eit par eg er på hels med. La oss kalle dei Ulf og Lu. Dei prata om ein som har gjort noko gale. Han har lurt til seg pengar gjennom jobben, fekk eg inntrykk av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.