Frå innsida
Prisen for ein øl
Her har du ein ekte dugnadsplagar. Ho grev litt i jorda, før ho må gi seg på grunn av ryggen. Resten av dagen irriterer ho seg over dei som deltar, og dei som ikkje deltar.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Då er dugnaden i sameiget overstått. Eg overlevde så vidt. Eg stod og heiv greiner og tornekratt opp i ein container då ein nabo – la oss kalle henne Siv – kommanderte meg til å klatre opp og komprimere haugen, slik at vi fekk plass til meir. Som ho sa: Folk kjem jo drassande med sitt eige avfall i tillegg til fellesskapets, forpesta yuccapalmar, to år gamle juletre og så vidare.
– Kom igjen, sa ho, og eg klatra opp i containeren.
Ho kosta grus og irriterte seg over det òg, pluss at ho hadde vondt i ryggen, og hunden – la oss kalle han Tore – har blitt senil.
Eg trakka buskaset ned og stakk meg.
– No kosar du deg, ropte ho sarkastisk.
– Ja, eg leikar at eg hoppar på trampoline.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.