Frå innsida
Namnefest
TANKEN SOM TEL: Eg får éi melding på namnedagen.
Foto: Lise Åserud / NTB
Den 12. februar kvart år får eg melding frå den gamle tysklæraren min på Voss gymnas.
God morgon og gratulerer med namnedag, Randi! Vonar den vert fin! skreiv ho i år, etterfølgd av ei rekkje emojiar av firkløver, saksofon, blom og kake.
Sjølv om eg aldri har feira namnedagen min og heller ikkje kjenner til nokon som gjer det, er det lite eg synest er meir koseleg enn å få denne gratulasjonsmeldinga.
Eg har ikkje tort å spørje kor mange gamle elevar denne pensjonerte læraren sender meldingar til.
Eller kvifor ho ikkje også gratulerer meg når eg har bursdag.
Den eine namnedagshelsinga er kjekkare enn alle bursdagsgratulasjonar på Facebook til saman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.