Tre favorittar

Måker

Publisert Sist oppdatert

1. Sildemåke (Larus fuscus): Måke eller måse, det er spørsmålet. Her brukar vi måke, og i Noreg er det registrert til saman 23 artar, ti av dei hekkar fast. Sildemåka er ei vakker måke, med svart overside, kvit bukside og gult nebb med raud flekk på undernebbet. Det er denne måkeungane pikkar i så mor eller far gulpar opp mat. I forbifarten kan sildemåka likne den nær dobbelt så store svartbaken. Men sildemåka har gule bein, svartbaken har kjøtrosa. Det trekker ned, reint visuelt.

2. Hettemåke (Chroicocephalus ridibundus) med svart hette, raudt nebb og raude bein ser ut som noko som kunne vore teikna av Pixar eller eit anna amerikansk filmstudio. Ho har ein markant, nær tenksam utsjånad. Ho er relativt ny her til lands, først observert i 1867. Dei trivst godt i Oslofjorden om sommaren, mens dei om hausten trekker til landa rundt Nordsjøen, og sør til Spania og Portugal. Nokre er til og med observerte i Nord-Afrika. Hettemåka er eit sikkert vårteikn på Austlandet. Det som trekker ned, er at det er stygg lyd i dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement