Lita skrift

Lausgjengeri

Publisert Sist oppdatert

I oktober foreslo samferdslebyråden i Oslo å endre enkelte køyrereglar for elsparkesyklar. Mellom anna å setje ned farten og ikkje minst: nekte dei å køyre på fortau innanfor Ring 2. Det kan vel ingen fotgjengar vere imot?

Eg har vurdert å ta på meg sykkelhjelm når eg går til og frå jobb. Nei, det har eg sjølvsagt ikkje, men eg fekk ideen etter å ha sett ein syklist med ein liten sladrespegel festa til hjelmen. Ein slik ein kunne ha kome godt med for å følgje med på kva som skjer bak meg på fortauet. Eit par gonger når ein lydlaus elsparkesyklist har sust forbi og sneia armen min, har eg kvoppe så kraftig at eg har brølt. Ein gong fekk eg til og med respons. Syndaren snudde seg og ropte «unnskyld!», men det var i Trondheim.

Skulle eg ha blitt meidd ned av ein elsparkesyklist, ville eg trenge mykje meir verneutstyr enn ein sykkelhjelm. Kvifor heiter det forresten el-sparke-syklist? Dei står då rett opp og ned på ein farkost som går av seg sjølv, medan dei pratar i telefonen eller har fatteevna langt inne i ein podkast. Trafikkreglane gjeld visst ikkje. Dei færraste eg ser, stoppar på raudt lys.

Når det er sagt, er ikkje vi fotgjengarar heilt gode, vi heller. Kva med å sjå opp frå mobilen når vi sleper oss bortover fortauet eller virrar i vegen for den som har meir fart i føtene? Enkelte av desse mobilzombiane går også rett ut i fotgjengarfeltet, sjølv om bilar eller syklistar er så nære at dei burde ha fått køyre forbi utan å måtte bråbremse med piggar på tørr asfalt. Det handlar om trafikkflyt, som vi lærte om då eg tok lappen for hundre år sidan, men enkelte fotgjengarar ser ut til å vere i ein eigen divisjon; dei har alltid rett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement