Lita skrift

Kopikatt

Publisert Sist oppdatert

Oljefondet vil kvitta seg med aksjane i sjølvaste Caterpillar, og me som har vakse opp mellom slike gule gigantar der fjell skal flyttast, kan forstå vonbrotet til senator Lindsey Graham i USA.

Graham trugar med represaliar mot alle nordmenn av di pensjonsfondet vårt ikkje lenger har samvit til å eiga 1,7 prosent av det amerikanske industriflaggskipet, «katte-pellarn», som dei seier nordpå. Straffetoll på alt norsk og visumnekt til nordmenn ville vera eit høveleg svar, for det er ingen rett, men eit privilegium å vitja eller handla med USA, skriv republikanaren.

Noreg vil straffa både dumpar, hjullastar og gravemaskin for det skitne arbeidet bulldosaren D9 blir tvinga til å utføra på Gazastripa. Mot maskiner som har sjel, og Maga-menn, er slik framferd uakseptabel. Dumparen 769 blei produsert frå 1963 til 2007 – i heile 44 år, og på dei har han ommøblert halve Noreg, og verda med. Og dette er takken.

Caterpillar er makelaus, kunne eg difor ha skrive. Om eg ikkje – hjå Davis Earthmoving & Quarrying i New South Wales i Australia – hadde oppdaga Komatsu, selskapet som har fotfølgt Caterpillar som ein japansk skugge i hundre år. Haltande etter i byrjinga, til kopien tok originalen att på mange område – og gjekk forbi, vil somme seie. Men ikkje for høgt, for då kan det bli bråk på anleggsbrakka.

Oljefondet vårt har framleis aksjar i Komatsu, 2,06 prosent norsk eigarskap som ingen har kritisert. Difor er det nok Komatsu som til sist skal rydda opp etter Caterpillar på Gazastripa, og det blir ein formidabel jobb før rubbel og bit er skubba på sjøen.

Men japanarane må ikkje kjenna seg for trygge. Når etikkrådet oppdagar at skurkar overalt i verda der sivilisasjon er lagd i grus, køyrer Toyota Land Cruiser (J70), spøkjer det vel for aksjane våre der òg (Noreg eig 1,7 prosent av Toyota). Argument mot kunne vera at alle hjelpeorganisasjonane òg køyrer Land Cruiser (J300).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement