Pandemien har skulda for mykje leitt, men han kom med ei nyttig innsikt: Doloket skal vera nede når du spyler. Ja, for om loket står oppe, som vel alle no veit, kan bakteriar, virus – og egg av innvolsorm – spreia seg fritt med små dropar, aerosolar, gjennom rommet i opptil 30 minutt, seier folk som har greie på det. Gøym tannkosten!
Fyrst og fremst var det Jörn Klein som sa det, professor i mikrobiologi og smittevern. Det lyder logisk, så kvifor ikkje berre klappa igjen loket? Før noko endå verre spreier seg med aerosoleimen – eit tvilsamt rykte.
Hugs berre å tørka av spyleknappen fyrst, rår professor Klein til, kontaminert som knappen venteleg vil vera av tidlegare gjester. Og eventuelt vaska hendene dine grundig etterpå. Utan å røra ved kranane, som ofte er reine julebordet for bassiluskar og parasittar.
Då står det berre att å opna loket for ein rask, visuell inspeksjon. Til det må loket opp att, når dropane berre har lagt seg, og kosten må, eventuelt, fram. Etter kostinga skal det, eventuelt, spylast på nytt.
Uansett, ned med loket. Før pandemien kunne du spyla av dokosten i same rennet, men det lèt seg sjølvsagt ikkje gjera no, med loket nede. Difor må loket opp, då kan ein spyla kosten. Og leggja ned loket for godt.
Kan du då endeleg forlata åstaden med rak rygg og blikket fritt (utan å ta på dørhandtaket)? Etter å ha spylt opptil 15 liter (drikke)vatn ned i do, utan å stressa den treeege dempemekanismen («soft close») i doloket og doringen, og tolmodsamt venta til cisterna fylte seg opp? Og vaska hendene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.