Frå innsida

Artisten Skrilla er på basketballkamp i heimbyen Philadelphia i desember 2025. Philadelphia 76ers spelte mot Golden State Warriors, og det blei 99–98, så det er ikkje rart han er bleik.
Publisert

Viss ikkje du veit det, var 67 årets ord i USA i fjor. Det blir ikkje uttalt sixty-seven, men six, seven – eller seks, sju, viss det enno finst folk som omset engelske ord til norsk. Ordet er henta frå ein låt, «Doot Doot (6 7)», som rapparen Skrilla gav ut på tampen av 2024. (Songen handlar om bilkøyring, skyting, dop og sånt.) Men dei som gjorde ordet 67 til sitt, var visstnok amerikanske basketballspelarar, som LeBron James og LaMelo Ball (som er 6 fot og 7 tommar høg). Det spreidde seg til andre idrettar, og snart sa alle skuleelevar i heile USA 67 i annakvar setning.

Kva ordet betyr, er umogleg å forklare. Det kan bety kva som helst, og når du seier det, skal du løfte den eine handa (med handflata opp) når du seier 6, og den andre når du seier 7, litt sløvt og spørjande. Viss nokon spør om du liker årets norske Eurovision-bidrag, til dømes, er «67» er passande svar.

Mang ein lærar – særleg mattelærarar – og forelder får tarmslyng fordi dei vrir seg så fælt når samtalane går slik:

– Korleis går det?

– 67.

– Kva synest du om filmen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement