Frå innsida
Janus-terapi
Slik skal det vere: Vi går saman, hand i hand, og pratar saman. Og hugs leppestiften!
No er det eitt julebord igjen, så er det over. Ingenting skjer før vi skal til Wien i ånda og heie på Ukraina, som vanleg, 16. mai.
Janus, som herskar over portar, overgangar og den første månaden i året, er ingen gladgud. Han gjer folk om til gråstein, tørre og gnitne. Viss vi nokon gong skal prøve å vere unorske og muntre kvarandre opp og gi kvarandre noko anna å tenke på, er det no.
Det var iallfall det eg tenkte sist måndag, då eg gjekk ut i mørket etter å ha kravla ut av senga og kledd av og på meg, noko som tar tid når det er minus 15 gradar og ein søv i ei uisolert bu. Dei andre i huset var gretne, nyhenda var pyton, eg såg ut som ein dass, og eg sa til meg sjølv: Den største gleda du kan ha, er å gjere andre glad.
Den første eg gjekk laus på, var ein eldre nabo – han er to år eldre enn meg – som moka snø. Han såg trøytt og lei ut.
– Du ser utruleg bra ut, sa eg.
– Kva sa du? sa han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.