Kunngjeringar
Godt sovehjarta
Teikning: May Linn Clement
Inge søv og høyrer ikkje kattugla som ropar frå skogen. Det gjeld å få sving på sakene no når ein ny hekkesesong nærmar seg. Vibrerande «ho ’o ’o ’o ’o», og «ku’vitt, ku’vitt». Kanskje blir det same uglekassen som i fjor. Det er perfekt å sitja i dei kraftige eiketrea i nærleiken og halda utkikk. Dessutan heng kassen sentralt, det er kort veg til alt, og fram til no har han aldri blitt røva av mår.
Om Inge hadde vore vaken og nokon sa at det var ein sjuk katt som skreik, ville han tenkt at det er det sikkert. Han har ikkje peiling på fuglar.
Den sterke vinden gjer at loket på søppeldunken opnar og lukkar seg i eit sett, det kjem nye stormkast heile tida. Inge søv som ein stein, medan kona Berit stadig vaknar og blir liggjande og irritera seg over alle lydane.
Ho er både misunneleg og lèt seg provosera av det gode sovehjarta. Med det same hovudet til Inge treffer puta, er det som å skru av ein brytar. Han har alltid vore nøye med å komma seg i seng i kristeleg tid, og aldri kjent på trongen til å sitja oppe og rangla.
Derfor fekk Inge aldri noko forhold til nattrock på NRK, sjølv om han vaks opp på 80-talet, det byrja altfor seint. Så medan andre rockeinteresserte ungdommar heldt seg vakne og sat og venta på «The Prince of Darkness» Ozzy Osborne og alle dei andre heltane, låg Inge under dyna.
Og no til sommaren er det fotball-VM i USA, der mange kampar skal spelast omtrent midt på natta. Noreg–Senegal startar ikkje før to. Sjølv om det er fyrste meisterskapen Noreg har greidd å kvalifisera seg til sidan EM i Belgia og Nederland i 2000, kjem ikkje Inge til å forandra på noko – når dommaren blæs i gang kampen, skal han sova. Slik som livet er no, går det ei absolutt grense klokka ti, men han legg seg gjerne før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.