Frå innsida
Gler du deg nok?
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Gler du deg til jol?
Det er klart du gjer det. Alle gler seg til jol. Sjølv blaserte vaksne gler seg til å ha fri, til mat, til kanskje snø og snille, pynta ungar og ein tynn ein til ribba eller pinnekjøtet.
Det er ikkje vanskeleg å gle seg til jol, då er folk greie mot kvarandre. På jobben er det gløgg og jolebord og blide folk, som legg ufred og ulikt syn bak seg. Det vankar godsaker i nabolaget, og me gir presangar til kvarandre.
Ei flott høgtid i mørkeret, som me alle saman gler oss til.
Ungar gler seg naturlegvis veldig mykje til jol.
Men ungar er flinke til å gle seg til andre ting òg – og der trur eg me vaksne kan verta betre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.