Sport

Frå klipp til klikk

Orientering er ikkje for pyser. Her stemplar Hanne Staff seg vidare i 1999.
Publisert Sist oppdatert

Litt som med femmila var det med orientering. Viss ein skulle sjå eit løp på fjernsyn før 2010, var det helst ein utøvar som forsvann inn i skogen ved start, og så fekk du sjå han att då han nærma seg mål. I mellomtida var det berre å mane fram eigne spenningsbilete i hovudet.

No er sendingane utvikla, og sjåartala har auka. Sporten er blitt lettare å forstå. Løparane blir følgde skritt for skritt gjennom heile løypa ved hjelp av GPS. Dei blir filma av dronar, og ofte blir utøvarane følgde av springande kamerafolk i delar av løypa. Overvakinga gjer kvar postpassering til ein spennande augneblink.

Det fysiske kartet og kompasset brukar ein enno, det same gjeld den ikoniske posten: Den oransje og kvite trekanta stoffskjermen surra inn i våte greiner som både kan gi enorm lette og vekke gamle gymtraume. Ved posten pleidde det å henge ei klippetong med eit unikt mønster. Eit klipp på startkortet var beviset ein trong.

Klippemetoden blir framleis brukt i nokre mosjonsaktivitetar, men i konkurransar har dei lenge hatt elektroniske brikker eller – endå meir smidig – ei brikke rundt armen som registrerer at dei er ved posten.

Det kule med dei teknologiske nyvinningane er at ein kan hente ut tallause mengder informasjon – noko for dei som likte å notere rundetider på skøyteløp i si tid, vil eg tru.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement