Frå innsida
Eit plask frå fortida
31. oktober 1908 var det hestestupmeisterskap på Coney Island i USA. Til venstre i bildet skimtar vi ein norsk innvandrar, Harry Hestenes, som har «Fola, fola blakken» på hjernen.
Ein aktivitet vi får håpe kjem på moten igjen, er hestestuping.
Det var i åra 1905–1940 at folk stod som gira sild i tønne for å sjå hestar konkurrere om å stupe finast og kulast, særleg i Canada og USA, der alt går an. Folk betalte fleire øre for det. Hestane – med eller utan eit menneske på ryggen – stupte frå eit opp mot 18 meter høgt tårn og utspring og ned i sjøen eller eit basseng.
Ein kjend hestestupryttar, Eunice «Winkless» Padfield, skal ha sagt at det var «som å reise med ein rakett til månen, berre i motsett retning, i ein draum», eller noko sånt.
Kva hesten meinte, er dessverre ikkje nedskrive nokon stad.
Apropos raringar
No når det skjer mykje rart på diktatorfronten, må vi minnast det amerikanarane kalla operasjon «Nifty Package», altså ein «snedig pakke», også kalla «rockeåtaket».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.