Frå innsida

Beklagar, baby

OL-AUGEBLIKKET: Då eit stort raudt flagg vaia over skiskyttarstadion i Anterselva.
Publisert Sist oppdatert

Dei tilsette på vakt på VG-desken koste seg glugg på jobben i denne nyheitssprengde månaden som sjefredaktør Gard Steiro på NRK samanlikna med første veke i pandemien.

Me hugsar alle då artigperane sette saman tre nyheitssaker om skøyte-gull i OL, ICE og eit gravid politikarpar, slik at dei tre overskriftene forma «ICE ICE BABY».

For ikkje å snakke om då dei plasserte tre bilde av tre menn rett under kvarandre, alle sakene med overskrifta: «NÅ: BEKLAGER»

Det var den store menn-seier-unnskyld-dagen.

Utanriksminister Espen Barth Eide beklaga at han ikkje melde seg meir inhabil då sonen søkte praksisplass i UD, Iran sin president Masoud Pezeshkian beklaga til alle som blei råka av protestane i landet, og skiskyttar Sturla Holm Legræid beklaga dobbelt. Han beklaga at han tok all merksemda frå gullet til lagkameraten sin då han etter eigen OL-bronse beklaga utruskapen sin til kjærasten.

Det har i sanning vore ein underleg vinter i nisselandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement