Så sat eg der att med ei bok i fanget og ein øl på bordet, i sola, på ein kvardag. Sommaren har vore krevjande for den som har som mål å gå rett heim att frå jobb og setje på potetene. Korleis kan ein gå inn på ein liten, varm hybel når sola skin og gradestokken viser 23 grader i kveldinga? Det går ikkje an.
Sjølv om romanen eg las, hadde god framdrift, var ikkje konsentrasjonen på topp. Eg vart sitjande og lytte til to menn som sat bak meg. Dei hadde møtst tilfeldig denne ettermiddagen og sat og mimra om då dei studerte journalistikk saman, og om redaksjonar dei har arbeidd i. Eg var spent på om dei kom til å nemne namn på journalistar eg kjenner. Dei gjorde ikkje det.
Eg stakk nasen i boka att, men fanga opp at ein av dei to karane som sat på skrå til høgre for meg, snakka om Steely Dan, ei gruppe som eg har lytta til sidan eg var 14 år, med Donald Fagen og Walter Becker som perfeksjonistiske frontfigurar.
Eg spissa øyra, tok ein slurk av glaset og prøvde å sjå ut som om eg var interessert i grøne buskar og arkitektur. Mannen heldt fram med å snakke om det første soloalbumet til Donald Fagen, The Nightfly frå 1982, som han meinte var betre enn alt Steely Dan har gjeve ut.
Eg retta ryggen og byrja gruble over påstanden hans. Eg prakka nyleg vinylutgåva av The Nightfly på ein kamerat, men kva med Steely Dan-album som The Royal Scam, Aja og Gaucho, då? Som hovudvokalist er jo Donald Fagen «lyden av Steely Dan», men...
– Du likar The Nightfly, ja?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.