Musikk
Arkivet: Den svarte engelen til The Rolling Stones
Kampklar Angela Davis i 1973.
Foto: AP / NTB
Med dobbelt-LP-en Exile on Main Street i 1972 kulminerte den mest vitale fasen til The Rolling Stones. Mange var lunkne, men på 2000-talet har det gjennomgåande vore rangert blant dei 10–20 beste albuma gjennom alle tider. Plata blei til i turbulente tider, og røtene og gjesteartistane var mange. Ein av dei var perkusjonisten «Didimus» Washington, som fekk krediteringa «Amyl Nitrate, marimbas» for sitt afrokaribiske bidrag til det akustiske nummeret «Sweet Black Angel».
Den svarte engelen var Angela Davis, filosofilæraren som mista stillinga ved University of California fordi ho var medlem av kommunistpartiet. Ho støtta også Black Panthers i kampen mot politisk og rasistisk undertrykking i USA, og blei arrestert og sikta for drap og kidnapping i samband med eit gisseldrama knytt til den fengsla George Jackson. Etter seksten månader blei Davis frikjend av juryen. I same tidsromet blei Exile on Main Street spelt inn.
«Sweet Black Angel» nemner ikkje Davis ved namn, og Stones har knapt framført låta live, men ho er B-sida på hitsingelen «Tumbling Dice»: «Well de gal in danger/ de gal in chains/ but she keep on pushin’/ would you do the same».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.