Noreg som atommakt

Når Børge Brende godkjenner at Nato får styra norsk utanrikspolitikk, stadfestar han Noreg si rolle som USAs 51. stat.

Publisert Sist oppdatert

Natt til tysdag var det klart: Noreg er ikkje motstandarar av atomvåpen. Medan FN samla eit stort fleirtal for tre resolusjonar mot atomvåpen, lét Noreg vera å røysta for to av dei, og røysta mot den tredje. Den dei røysta mot, var den som seier at alle land har ei etisk plikt til å arbeida mot desse våpena.

Når utanriksminister Børge Brende skal grunngje dette, viser han til Nato. Der heiter det at så lenge det finst atomvåpen, skal òg Nato har slike våpen, for å skremma andre frå å bruka dei. Når Brende blir pressa, set han forpliktinga mot Nato høgare enn etikken.

I Nato opererer ein, som i amerikansk utanrikspolitikk, med good guys og bad guys, og reknar automatisk seg sjølv med på det gode laget. Etikken gjeld ikkje for dei gode, for dei er jo allereie gode. Difor kan dei ha atomvåpen. Derimot kan ein setja i verk sanksjonar mot slemme land som har, eller freistar å skaffa seg atomvåpen. Det er no slege fast i FNs hovudforsamling at dette er norsk utanrikspolitikk. Denne politikken byggjer på fortrenging.

Den gode bombinga

For eit par år sidan fekk eg vera med på den årlege markeringa mot atomvåpen i Hiroshima. Vi fekk sjå fredsmuseet, der verknadane av Hiroshima-bomba vart rikeleg dokumentert. Dei japanske fredsaktivistane har ikkje framstilt sitt eige land som uskuldig i den krigen som leidde opp mot bomba. Men dei dokumenterer også tydeleg at bombinga truleg kunne vore avverja, fordi Japan var klare til å kapitulera, dersom ein hadde gått fram på meir diplomatisk vis.

Bombinga av Hiroshima – og den endå meir unødvendige bombinga av Nagasaki – var altså utført av «dei gode». Det er svært vanskeleg å halda fast på det synspunktet når ein går omkring i fredsmuseet i Hiroshima.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement