Mellom aust og vest

Publisert Sist oppdatert

Den siste veka har folk igjen mobilisert på Maidan-plassen i Kiev. Fleire hundretusen ukrainarar har protestert mot at president Viktor Janukovitsj trekte seg frå signeringa av samarbeidsavtalen med EU. Demonstrantane ropar på revolusjon att i Kiev.

Det er freistande å vere kynisk til dette. «Oransje-revolusjonen» i Ukraina i 2004, da same Janukovitsj vart tvinga frå makta etter å ha juksa i presidentvalet, enda i stort vonbrot. Sigerherrane Viktor Jusjtsjenko og Julia Timosjenko skuffa tilhengjarane sine, og Janukovitsj vart attvald i 2010. Også den såkalla roserevolusjonen i Georgia i 2005 etterlét mange idealistar vonbrotne. Å skape eit godt styresett krev meir enn å kaste ut ein president av palasset.

Det er òg verdt å hugse kor splitta Ukraina er. Medan majoriteten i vest vil knyte landet tettare til EU, kjenner mange ukrainarar i aust framleis sterk tilhøyrsle til Russland. Donetsk-regionen i aust er det industrielle kraftsenteret i landet, og støtta til Janukovitsj har vore sterk der heilt til no. Når Ukraina i tillegg er avhengig av russisk gass, og Moskva brukar dette maktmidlet for alt det er verdt, er det ikkje lett å bryte ut av den russiske maktsfæren.

Det skal dessutan seiast at medlemskapen i EU og integreringa i vestleg økonomi ikkje har vore ei ublanda velsigning for andre gamle sovjetrepublikkar. Krisa dei seinaste åra har herja brutalt med dei baltiske statane, og arbeidsløysa har vore skyhøg. Like fullt vil ingen av dei nye EU-landa attende til russisk dominans, av svært forståelege grunnar. Også Ukraina vil ha betre sjansar til å styre lagnaden sin om landet klarer å lausne på grepet til Vladimir Putin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement