Kapasitetsbygging for krig

At norske spesialstyrkar trenar militsavdelingar i Irak og Syria, er ei kapasitetsbygging som i sanning kan verta berekraftig i den forstand at ho vil halda oppe krigen. Truleg avlar det òg nye valdelege konfliktar.

Publisert Sist oppdatert

Forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide (H) tok imot den fyldige rapporten frå Godal-utvalet om norsk innsats i Afghanistan med å seia at Noreg truleg vil ta del i fleire internasjonale operasjonar i framtida. Men skilnaden er at vi ikkje skal senda store, eigne bakkestyrkar. Vi skal bidra med «kapasitetsbygging», slik vi gjer i Irak og Syria-konflikten, sa ho.

Kva tid vart trening av opprørsstyrkar til å ta del i desse krigane «kapasitetsbygging»? Ordet kling bra. Det har lenge vore standard terminologi i utviklingsbistand og praksis. Der er det eit uomstridd gode. Vi skal styrkja lokale institusjonar som gjer det mogleg for fattige samfunn å handtera utviklingsoppgåvene på eiga hand. Kapasitetsbygging er kjernen i ein berekraftig strategi og difor ein grunnleggjande føresetnad for utvikling.

Overført til den militære sektoren – spesielt til dagens konfliktar i Irak og Syria – får kapasitetsbygging ei noko anna tyding. I begge konfliktane driv norske spesialstyrkar no opplæring av militsavdelingar, ikkje regulære regjeringsstyrkar. I Irak gjeld det den kurdiske militsen. I Syria-konflikten vert det opprørsstyrkar av hittil ukjend identitet (i alle fall offentleg). Dei skal få opplæring i Jordan, med streng beskjed om å kjempa berre mot dei mest ytterleggåande islamistane (ISIL), ikkje andre, når dei går inn i Syria.

Lever eigne liv

Ei slik kapasitetsbygging kan i sanning verta berekraftig i den forstand at ho vil forlengja krigen. Sannsynlegvis avlar det òg nye valdelege konfliktar. Er det noko vi har lært frå dei to siste krigane i Afghanistan, er det at milits eller opprørsstyrkar som vert bygde opp utanfrå, raskt byrjar å leva sine eigne liv. For dei internasjonale sponsorane vert resultatet ofte uønskt og uoversiktleg.

Støtta til opprørarane i USAs første krig i Afghanistan burde vera eit skule-eksempel til avskrekking. USA, med politisk og anna støtte frå ei lang rekkje allierte, utstyrde, finansierte og til dels lærde opp ei rad opprørsgrupper. Til saman skulle dei driva ut sovjetiske styrkar og styrta det lokale kommunistregimet. Oppdraget lukkast, men resultatet var at Afghanistan vart ein magnet for militante islamistar frå store delar av resten av Asia og Midtausten. Osama bin Laden kom også. Opprørane – mujahedin – som dei kalla seg sjølve, byrja snart å slåst med kvarandre. Det førde til mange-årig borgarkrig og la grunnlaget for Taliban. Det sette ramma for åtaket på USA 11. september 2001.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement