Klok på bok

Vår med Gunvor

Publisert Sist oppdatert

Det er finurlege folk som tek seg bryet med å sende inn svar på oppgåvene her i bokhjørnet. Denne gongen var det ikkje mindre enn 75 innsendarar som hadde lese lyrikk og leita fram løysinga. For fleire var dette fyrste møtet med Gunvor Hofmo, og for mange gav det meirsmak.

Når stoda er slik, vert det vel ikkje ville protestar om me tek med nok eit lite vårdikt av ho Gunvor. I samlinga Det er sent (1978) finn me ei perle med tittelen «Våren er krigeren»: «Våren er krigeren/ med de blinde øyne/ som derfor fatter/ alt av stillhet/ slår de grå stenene/ med ishagl/ puster rått/ på alle plener/ og hilser mennesket/ som regn på rutene».

Hans Christian Michaelsen skriv: «Her kom eit dikt som hogg seg inn med korte, sanselege linjer. Klangen i språket kjennest norsk. ’Bråna snø’ høyrer til våre norske innlandshjarte. Tankane gjekk til Rolf Jacobsen, Agnar Mykle, Hans Børli. Kanskje ei kvinne? Ordet ’krydret’ leiar dit. Boklækjarutgåva kom i 1946, forfattaren er kanskje fødd rundt 1920-talet. Frankrike fekk Nobelprisen i litteratur i 1915 og 1921. Agnar Mykle og Astrid Hjertenæs Andersen vart fødde i 1915. Gunvor Hofmo var fødd i 1921. Ho gav ut si fyrste diktsamling i 1946. Dei to siste linjene i sitatet: ’Så tause, tause alle fugler er’ leidde tankane av ein eller annan grunn til Goethes dikt ’Wandrers Nachtlied’. Dei to siste linjene her lyder: ’Die Vögelein schweigen im Walde. Warte nur, balde ruhest du auch.’ Gunvor Hofmo kjende kanskje til dette diktet, i og med at ho hadde ei nær venninne, Ruth Maier. Ho var jødisk flyktning til Noreg frå Austerrike og kjende sikkert godt Goethes dikt. Det prega Hofmo heile livet at Maier vart deportert og døydde i tysk konsentrasjonsleir. 25 år gammal debuterte Hofmo med diktsamlinga Jeg vil hjem til menneskene. Ho var ein ny, særeigen forfattar med sitt eige, inderlege språk og lengt og eit liv med tap og smerter. Fyste diktet i debutsamlinga heiter ’Vinterkveld’. Eit anna er ’Til vinteren’ og enda eitt heiter ’Høstbilde’. Sitatet i dag er henta frå diktet ’Vårkveld’. Takk for at me fekk dette med oss inn i våren!»

Bent Arne Sæther skriv: «Så har det skjedd igjen: Klok på bok har gjort at jeg har lest ei bok jeg har hørt mye om, men ikke lest før nå. Gunvor Hofmo debuterte i 1946 med Jeg vil hjem til menneskene. Tittelen er velkjent, og minst ett dikt derfra nær sagt berømt, nemlig ’Det er ingen hverdag mer’. Men jeg har aldri åpna sjølve diktsamlinga. Nå er den lest, litt av en debut fra ’en tilsynelatende ganske alminnelig Oslopike, 25 år gammel’ ­– som forlaget skriver på baksida av boka.»

Kari Gjønnes Folvik skriv: «Ei nydeleg og sterk samling.»

Desse klokingane kom heilt heim på oppgåve 1672: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Jorunn Øxnevad Lie, John Dag Hutchison, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Ragnhild Eggen, Olav Holten, Ole Håndstad, Per Arne og Christine Løvold, Eirik Holten, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Nils Farstad, Robert Øfsti, Erik Aamlid, Gunn Magny Løkling, Marit Knappskog, Egil Nestande, Laurits Killingbergtrø, Reidar Birkeland, Eli Hegna, Roar Øvrebust, Arnfrid Vågslid Skjæveland, Gunder Runde, Tore Tomren, Håkon Kvamme, Lise Haaland, Olaug Denstadli, Kirsten Hundvebakke, Audun Gjengedal, Sissel Gunnarshaug, Tiril Bonnevie, Geirr Wiggen, Kjell Helge Moe, Jan Ekrene, Bent Arne Sæther, Tine Dahl, Bjørn Ole Bjørnsen, Olav B. Larsen, Jan Petter Skrede, Magnhild Reisæter, Jan Erik Røed, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kari Gjønnes Folvik, Inger Merete, Kirsti og Grete, Viggo Østebø, Folke Kjelleberg, Arve Kjøstvedt, Thana Rongen, Morten A. Juvik, Adrian Skogmo, Irene og Tore på Tranby, Mari og Marianne, Sigrun Gjengedal Ruud, Marit Skytterholm, Anne Marie Sverdrup, Åmund Bækken Blakar, Inger Margrethe Berge, Anne Berit Skaarer, Halldis Bjørkum, Ole G. Evensen, Marta Kløve Juuhl, Tor Einar Loftesnes, Gunnar Eide, Jorunn Kleppe, Solrun Haukedalen, Per Trygve Karstensen, Tore Heggem, Hans Christian Michaelsen og Reidar M. Bringedal. Vinnaren av ein bokpremie heiter Tor Einar Loftesnes. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement