Klok på bok

Tale med Dale

Publisert

Då boklækjaren ringde til løysingsforfattaren denne veka, tok han ikkje telefonen. Eg la igjen beskjed om kvifor eg tok kontakt, og to minutt etter var Jan Kristoffer Dale på tråden. Det vart ein svært triveleg samtale med ein særs sympatisk kar.

Etter at Dale fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for boka Arbeidsnever i 2016, har det vore tause tider. Det naturlege var sjølvsagt å spørje om kvifor så stille, lille persille?

Jan Kristoffer Dale fortalde om mykje ståhei kring han sjølv og boka den fyrste perioden etter at ho kom ut. Oppdrag og forventingar her og der gjorde at det vart lite tid til å skrive samanhengande dei fyrste åra. Men så vart det stilt.

Denne stilla var ikkje berre god. Dale sleit med å finne fast arbeid som barnehagelærar, ofte vart det berre barselsvikariat, og han skulle bruke tid på å søkje nytt arbeid kvar gong eit vikariatet tok slutt. Det var ein periode med mykje motbakke. Dessutan kom tvilen på skrivinga og eigne evner. Her bryt boklækjaren inn og seier at talentet kunne han vel ikkje tvile på, det var jo openbert og indiskutabelt i debuten. Jau, seier Jan Kristoffer, men livet har skjedd.

No er Dale i full jobb og pappa til ein toåring, men finn samstundes tid til å skrive. Det har vore fleire prosjekt, seier han, men nett no går han for langnoveller. Med entusiasme nemner han dei amerikanske forfattarane Jim Harrison og Jon Raymond som inspirasjonskjelder. Seinare i samtalen kjem me innom Ernest Hemingway, John Steinbeck og William Faulkner, og samstundes som eg påpeiker dei amerikanske impulsane, spør eg Dale om kven av nobelprisvinnarane frå Amerika han set høgst? Svaret kjem utan tenkjepause: «Bob Dylan!»

Om alt går som det burde, kjem det om ikkje så lenge ei ny bok med tre langnoveller frå tastaturet til Jan Kristoffer Dale. Me er mange som gler oss til eit framhald på forfattarskapen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement