Utan å vete kva livsstadium du er i, vyrde lesar, vil me i dag konstatere sanninga om det å vere tenåringsforelder: Det er ei krigssone og eit minefelt.
Alle som har vore i og overlevt denne forunderlege perioden som ingen forlèt før dei har fått merke av han, veit kva eg snakkar om. Ikkje minst gjer løysingsforfattaren denne veka det. Ho har nyss skrive ei heil bok om temaet: Sådan overlever du at have en teenager. Dessutan er Maren Uthaug opphavskvinna bak seiinga: «Mænd er fra Mars, kvinder er fra Venus og teenagere er fra anus.» Så fekk me det på plass.
Gunder Runde skriv: «Det er ikkje ofte eg kjenner att (noko av) sitatet i Klok på bok. Men denne gongen gjorde eg det: Eg hugsar godt avsnittet om skulejenta som ikkje greidde å uttale -r-, men som skapte seg eit vokabular utan denne fortærande konsonanten. Problemet var berre at eg ikkje kunne kome på kva for ei bok dette var! Så då er det å starte på den vanlege rundreisa. Tyskskrivande nobelpristakar, der finn eg berre to aktuelle: Nelly Sachs og Heinrich Böll. Eg prøver på den siste: 1972, og søkjer hjelp hos oria.no, med serien 2023 + nynorsk roman + 1972, og allereie på første sida får eg ikkje mindre enn to treff, begge med forfattaren Maren Uthaug. Og då hugsa eg sjølvsagt boka: Og sånn blei det, omsett frå den danske utgåva Og sådan blev det. Ei god bok som sannsynlegvis bygde på Maren Uthaugs eigen barndom, fødd i Kautokeino med samisk mor og norsktalande/samisktalande far. I boka heiter jenta Risten, men vart etter kvart heitande Kirsten, etter at ho vart forflytta frå barndomens Finnmark til Danmark. Den andre boka som står nemnd på same lista på oria.no, har tittelen 11 %, som eg også har lese: ein framtidsroman der kvinnene har den leiande rolla, men tillet 11 prosent (underkua) menn. Seinare har Uthaug også gitt ut boka 88 %, som eg ikkje har lese, men som er ei slags fortsetting av 11 %.
Maren Uthaug har bakgrunn som bloggar, stripeteiknar og forfattar, på både samisk, norsk og dansk. Teikneseriestripa hennar i den danske avisa Politiken (’Ting jeg gjorde’) er ei av dei mest lesne i Danmark. Fleire bøker med teikneseriestriper er utgjevne både i Danmark og i samisk omsetting her i landet. Dagens bok er debuten hennar som romanforfattar. Seinare kom Hvor der er fugle, i 2017, norsk utgåve Der det finst fuglar, med emne frå trøndelagskysten, og En lykkelig slutning, Ein lykkeleg slutt, med gravferdsagentar i sentrum. Ho har fått ei rekkje litterære prisar i Danmak, og vart til og med nominert til EUs litteraturpris i 2021. Det har vore ein viss tendens til negativ omtale i Danmark av nokre av Maren Uthaugs siste bøker, mellom anna med bakgrunn i ein ’strikke-aksjon’, der nakne kvinnestatuar har vorte ’påkledde’ med strikkeplagg. Men stort sett har ho fått særs god mottaking i grannelandet i sør, og ikkje mindre her i landet. Og så var det hundenamna: Dei to aktuelle er oppkalla etter skodespelaren Ghita Nørby, og heiter såleis (naturleg nok) Ghita og Nørby.»
Truls Songstad skriv: «Kjekt at dokke har trekt fram denne dyktige forfattaren, og ekstra kjekt for meg som trefte denne jenta heilt attende i 1974! Då var eg vikar for far hennar, som var sosialsjef i Kautokeino, og Maren var enno ikkje blitt to år!»
Alle kan ikkje vere einige om alt. Sjølv om ho Maren kan trille yatzy med både 5 og 6 på terningane til bokmeldarane, finst det også døme på folk som er ikkje er like begeistra for boka hennar. I ein særs stutt tilleggskommentar skriv Nils Farstad: «Elendig bok!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.