Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
0–6 rette: Her vart det for mange lånte fjør. Fly av garde neste veke!
7–9 rette: Ingen tungvektar, men klarar seg fint i fjørvektklassen.
10–15 rette: Bra! Meir enn nok til å kunne bruse med fjøra.
16–20 rette: Kykeliky! Me vonar at inga fjør har vorte til høns undervegs.
21 rette: Ståande applaus! Send e-post, så vankar det 21 fjører i hatten!

1. Kva gruppe, som var brennaktuell 24. juni, har namn etter det som skal vere kallesignalet til offiseren Dmitrij Utkin? Han grunnla gruppa saman med oligarken Jevgenij Prigozjin.
2. Kva heiter steinkyrkja i Lund som går for å vere Kristiansands eldste bygning? Ho er frå ca. 1100 og har ein stor runestein i våpenhuset.
3. Kva for ei Mari hadde si første større rolle i 1978 som Cordelia i Kong Lear? Det var på Den Nationale Scene.
4. Brageprisen vart skipa tidleg i kva for eit tiår?
5. Kva er det norske namnet på glandula lacrimalis, som er i sving når me græt? Me har to slike organ, eitt bak kvart øvre augelok.
6. Mange har herska over Kypros. Kva for eit folk tok kontroll over øya i 58 før Kristus?
7. I kva film høyrer me «Feather Theme» av Alan Silvestri i opningsscena og ser ei svevande fjør lande ved hovudpersonen?
8. Pintxos, som er vanleg i Baskarland, minner om noko vel så kjent i det spanske kjøkenet. Kva då?
9. Kva er det som varar lengst, ifølgje ordtaket?
10. Kva norsk fotballag har den offisielle supporterklubben Gaukereiret?
11. Kva for eit songrelatert adverb frå italiensk tyder «utan akkompagnement av instrument»?
12. Kven er den første ladejarlen i rekkja av norske monarkar? Han styrte frå ca. 970 til 995, delvis underlagd Danmark. Eit fornamn held som svar.
13. Kva engelsk ord for ei matvare er det vanleg å nytte for å smile til kamera, jamvel om andre ord kan vere betre?
14. I kva taktart går dansen polonese?
15. Kva for eit ord på m manglar her i Paulus’ brev til kolossarane 3,12: «Kled dykk difor i inderleg (…) og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige»?
16. Kva amerikansk selskap, grunnlagt i 2008, er ein stor konkurrent til hotellnæringa, også i Noreg? Her kan privatpersonar leige ut bustaden sin.
17. Kva er den næraste slektningen som kan vere niese av grandonkelen din?
18. Den norske biologen Magni Olsen Kyrkjeeide har nyleg fått ein art oppkalla etter seg, trass i at ho enno ikkje er 40 år. Kva slags mose er Sphagnum magniae, som veks i USA?
19. Kvar i Kina ligg den enorme autonome regionen Xinjiang? Svar med ei av dei åtte himmelretningane.
20. Kva heiter pedagogikk for menneske med særskilde behov?
21. Kva for eit fornamn skal me fram til her: Det er på fem bokstavar. Om lag 600 norske kvinner heiter det. Det store fleirtalet er fødde etter år 2000. Ei årstid inngår i namnet og har moglegvis inspirert det.
Svar på spørsmåla
1. Wagner-gruppa
2. Oddernes kyrkje
3. Mari Maurstad
4. 1990-åra (1992)
5. Tårekjertelen
6. Romarane
7. Forrest Gump
8. Tapas
9. Ærlegdom
10. Sandnes Ulf (Me godtek både Sandnes og Ulf.)
11. A capella
12. Håkon jarl (Han er òg kjend som Håkon Ladejarl og Håkon Sigurdsson.)
13. Cheese
14. 3/4 takt
15. Medkjensle (medfølelse i bokmålsomsetjinga)
16. Airbnb
17. Mor di
18. Ein bladmose, nærmare bestemt ein torvmose (Båe svara er greitt.)
19. Nordvest (I dette tilfellet godtek me vest òg.)
20. Spesialpedagogikk
21. Vårin
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?