Foto: Cornelius Poppe / NTB
0–6 rette: Ikkje-levande leksikon
7–9 rette: Lett nedstøva leksikon på loftet
10–15 rette: På ei god leksikonhylle
16–20 rette: Litle norske leksikon
21 rette: Levande leksikon

1. I juli var det statskupp i Niger, og president Mohamed Bazoum vart fengsla. Hadde han vore president sidan 1981, 2001 eller 2021?
2. Kva er Niger, som både Niger og Nigeria har namn etter? Eitt ord held som svar.
3. Store norske leksikon fortel at dei eldste kjende kunstverka frå det noverande Nigeria er skulpturar, ofte stiliserte menneskehovud. Kva er materialet? Svaret er meir presist enn til dømes «keramikk», «metall», «stein».
4. Er det ved kommunestyreval eller ved fylkestingsval du kan gje slengjarar, personstemme til kandidatar hos andre parti?
5. Kva engelsk synonym har me for nakkesleng?
6. Er svin det einaste dyret som er inkludert i definisjonen av kotelettar?
7. Han leidde eit av dei mest vidgjete kosakkopprøra, men vart slegen og avretta i 1671. Kva heitte denne donkosakken og russiske folkehelten, som mange viser og segn er knytte til?
8. Nokas-ranet var 5. april 2004 i kva norsk by?
9. Kva var Nokas eit akronym for?
10. Det finst to kommunar som heiter Våler. Den eine ligg i Innlandet. Kva for eit fylke låg den andre i fram til 2020? Dette er òg status frå 1. januar 2024.
11. Kva heiter kraftverket i Våler kommune i Innlandet der demninga brast i 2023 under ekstremvêret Hans? Verket utnyttar fossen med same namn.
12. Kva er SI-eininga for kraft?
13. Kva for eit ord på fem bokstavar kan tyde både livsviktig, fundamental og livskraftig?
14. Den 86 år gamle svenske forfattaren Stig Johansson er kjend for det korte diktet «Förlusten», som mange kan på rams. Korleis lyder dei 14 orda om livet? Fasiten er romsleg.
15. Kva amerikanar gav ut albumet My Cherie Amour i 1969, som inneheld songen «Yester-Me, Yester-You, Yesterday»?
16. Kva dag skal ein ikkje vere uroleg for, ifylgje Matteus 6,34?
17. I komiserien Dag har samlivsterapeuten Dag (Atle Antonsen) lita tru på samliv. Men så dukkar Eva opp, spelt av kva svenske?
18. Xantippe har fått den tvilsame æra å verte ei nemning for kranglevoren kone. Kven var ho gift med?
19. Kva tyder bokstaven U på ei tippekupong?
20. Kor mange tipptippoldeforeldre har kvar og ein av oss?
21. Kven er den mest kjende av tipptippoldeforeldra til kong Ludvig 16. av Frankrike?
Svar på neste side
1. 2021
2. Ei elv
3. Terrakotta
4. Kommunestyreval
5. Whiplash
6. Nei
7. Stenka Razin
8. Stavanger
9. Norsk Kontantservice
10. Østfold
11. Braskereidfoss kraftverk
12. Newton
13. Vital
14. «Alla dessa dagar som kom och gick/ inte visste jag att det var livet» (Me krev ikkje eksakt ordlyd, så lenge de er på rett dikt. Tittelen «Förlusten» tyder «Tapet».)
15. Stevie Wonder
16. Morgondagen
17. Tuva Novotny
18. Sokrates
19. Uavgjort
20. 32
21. Ludvig 14. av Frankrike (eller Solkongen, om du vil)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?