Foto: Halvard Alvik / NTB
0–6 rette: Ikkje-levande leksikon
7–9 rette: Lett nedstøva leksikon på loftet
10–15 rette: På ei god leksikonhylle
16–20 rette: Litle norske leksikon
21 rette: Levande leksikon

1. Er det influensavirus type A, B, C eller D som gjev fugleinfluensa?
2. Kva art er Noregs nasjonalfugl?
3. Kva for eit radarpar i nasjonalromantikken heitte Jacob og Wilhelm til fornamn og er best kjende som eventyrsamlarar?
4. På kva måte døyr heksa i eventyret «Hans og Grete»?
5. Barbie er kinoaktuell og den første filmen med kvinneleg regissør som har fått over éin milliard dollar i billettinntekter. Kva heiter regissøren, som òg står bak Lady Bird (2017) og Little Women (2019)?
6. Den tyske nazisten Klaus Barbie vart kjend som «slaktaren frå …» kva by?
7. Rundt 90 prosent av norske slaktegriser vert bedøvde med ei gassblanding som hovudsakleg inneheld kva gass?
8. Kva farge heiter gris på fransk?
9. Kva muskel er øvinga franskpress for?
10. Kva organisasjon vart grunnlagd i 1919 av dei britiske systrene Eglantyne Jebb og Dorothy Buxton? Me godtek òg namnet på den norske utgåva, som vart stifta i 1946 og har ungdomsorganisasjonen Press.
11. Kor mange barn, i dette tilfellet søner, har Jonas Gahr Støre og kona Marit Slagsvold?
12. Geir Pollestad har nyleg kome inn i Støre-regjeringa. Kva er ministerposten?
13. Geirangerfjorden ligg i berre éin kommune. Kva for ein?
14. Fjordhesten har fem godkjende fargar. Fire av dei er gråblakk, brunblakk, raudblakk og gulblakk. Kva spesielt namn har den siste fargen, som er tilnærma kvit?
15. Mongolriket er rekna som verdshistorias største samanhengande imperium. Om lag kor stort var arealet på det meste? Fasiten gjev ein slingringsmonn.
16. Me held på mongolriket og spør: Kva var Vest-Tysklands bidrag i Eurovision Song Contest i 1979, ein song som vert hugsa trass i resultatet 4. plass?
17. Kva heiter hovudstaden i Mongolia?
18. Kva «adrenalinhovudstad» arrangerer Ekstremsportveko?
19. Kva populært videospel frå 2017 har eit namn som er lydlikt med eit engelsk ord for eit tidsrom på to veker?
20. Kva er Ekstrem, det best kjende produktet til Terje Ekstrøm? Eitt ord held som svar.
21. Det førre var Gyda. Kva heiter ekstremvêret som har råka Norden og Baltikum i august?
Svar på spørsmåla:
1. Influensavirus type A
2. Fossekall
3. Brørne Grimm
4. Ho brenn opp (etter at Grete dyttar henne inn i omnen).
5. Greta Gerwig
6. Lyon
7. Karbondioksid
8. Grå
9. Musculus triceps brachii (Me godtek triceps.)
10. Save the Children eller Redd Barna
11. Tre
12. Landbruks- og matminister (Me godtek landbruksminister.)
13. Stranda kommune
14. Ulsblakk (Førsteleddet kjem truleg av ulv.)
15. Om lag 24 millionar kvadratkilometer (Me godtek alle 20-tals millionar kvadratkilometer.)
16. «Dschinghis Khan»
17. Ulan Bator
18. Voss
19. Fortnite (Ordet er fortnight.)
20. Ein stol
21. Hans
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?