Kan hende er det ei overdriving å kalle løysingsforfattaren i dag for ein fagfelle. Men at Anton Pavlovitsj Tsjekhov og boklækjaren har samanfallande fagfelt, kan ingen komme frå. Tsjekhov fekk lisens som medisinar i 1884, og det er ei stor glede for meg å trekkje fram ein litterær lækjar i spalta du les no.
Korleis Anton klarte å kombinere lækjargjerninga med skrivinga, har han sjølv sett ord på. I eit brev han skreiv til forleggjaren Aleksej Suvorin i 1888, går det fram: «Eg kjenner meg mykje meir tilfreds og nøgd når eg veit at eg har to yrke i staden for berre eitt. Medisin er den lovlege kona mi, og litteraturen er elskarinna mi. Når eg blir lei av den eine, nyttar eg natta med den andre. Sjølv om det er litt uanstendig, er det i det minste ikkje kjedeleg, og dessutan har ingen av dei noko å tape på sviket mitt.»
Gunder Runde skriv: «Deling av nobelprisen i litteratur: det vil seie 1904 eller 1917. Oversynet over døde forfattarar i 1904 gir meg eit svært sannsynleg tips, nemleg Anton Tsjekhov (1860–1904), ein av dei verkeleg store novelleforfattarane, sjølv om han kanskje er vel så godt kjend som skodespelforfattar, med dei fire teaterstykka Måken, Onkel Vanja, Tre søstre og Kirsebærhagen – tre av desse har eg sett på teatret, den aller beste varianten var Tre søstre (Teatret Vårt i Møre og Romsdal). Men så var det novellene – Tsjekhov skreiv ei mengd noveller (fleire hundre), og han er representert i mange tekstsamlingar, mellom anna for den vidaregåande skulen. Eg leitte fram samlinga Noveller fra vår tid (1967, i utval av Ragnvald Skrede), og den første novella i denne samlinga er ’Sorg’, den rørande skildringa av drosjekusken Iona Potapov, som nyleg har mista sonen sin, noko han prøver å fortelje til kundane sine, som ikkje er det minste interesserte i detaljar frå dødsfallet. Avslutninga på novella er ikkje mindre rørande: Iona fortel til sist hesten sin om den triste lagnaden til sonen Kuzma, endeleg er det ein som høyrer på det han har å fortelje. No får vi også vite namnet til dottera, Anisja. Tsjekhov var berre 45 år gamal då han døydde, men på denne korte tida greidde han å skaffe seg ein viktig plass i russisk litteratur. Dagens forfattar førte til ein lengre diskusjon i heimen: Eg meinte å vite at det var Tsjekhov som sa/skreiv: ’Dersom det heng eit gevær på veggen i første akt av eit skodespel, så må det verte avfyrt før fjerde akt er slutt.’ Grundig motstand frå den absolutt betre halvdelen min, som bladde att og fram i Ibsen-biografiane våre for å få dekning for at det var han som var opphavsmannen (i samband med Hedda Gabler). Mot normalt: Det var eg som hadde rett, kunne slå i bordet med ikkje mindre enn to kjende Tsjekhov-biografar: Rayfield og Simmons. Freden har no senka seg over heimen...»
Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Novellen er en undervurdert sjanger. Derfor er vi så glade for at boklækjaren stadig finner fram til ypperlige novellister. Denne gangen skal vi til den kanskje største novellisten av alle: Anton Tsjekhov. Imponerende dyktig mann på flere måter. Dagens novelle var veldig trist – og utrolig godt skrevet!»
Eirik Holten skriv: «Folk kunne skriva bøker før i tida òg – eller kanskje helst då!»
Løysingsnovella var omsett av Nicolai Geelmuyden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.