Kva person?
5 POENG: Denne tobarnsfaren vart fødd i New Orleans i 1939. Under den mest kjende hendinga i livet hans var han i ein bygning som heitte Texas School Book Depository.
4 POENG: Han flytta mykje som barn, slutta på skulen, vart marinesoldat og hoppa av til Sovjetunionen i 1959. Enkja hans lever framleis og er fødd Marina Prusakova.
3 POENG: Han skaut og drap politimannen J.D. Tippit den 22. november 1963 og vart arrestert.
2 POENG: To dagar seinare vart han sjølv drepen av nattklubbeigaren Jack Ruby.
1 POENG: Ifølgje etterforskinga drap han J.D. Tippit under ein time etter at han drap USAs president.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.