Klok på bok

Botnrekord

Publisert

Det finst så mange verdsrekordar, verda er full av rekordar. Også Klok-redaksjonen kan no og då glimte til med resultat som ikkje er sette før, men denne veka runda me ein milepæl som slett ikkje hausta stormande jubel her i bokstova. Me trudde elles at hintet i oppgåve 1705, der me slo fast at tittelen på løysingsverket ikkje hadde noko med skihopp å gjere, skulle vere såpass til hjelp at svara kom til å strøyme inn. Jaggu sa eg smør! Berre 11 innsendarar gjennomskoda kva roman som var rett svar denne gongen. I staden for bakkerekord, vart det altså botnrekord; i mi tid har det aldri vore færre namn på lista over klokingar.

Medan boklækjaren sat der med hovudet bøygd, langt ifrå nøgd, kom ein kollega inn på kontoret. Ho meinte at no måtte me snu på flisa, ja, ho meinte at flisa låg feil veg. Resonnementet var: Kvifor er det slik at me skal kivast om høgast, mest og lengst, sa ho, når lågast, minst og kortast òg er prestasjonar som fortener vyrdnad? Eg vart i stuss, dette hadde eg ikkje tenkt på før. Heilt overtydd var eg ikkje, så eg prøvde meg med å spørje kor mange tilskodarar det ville komme til Holmenkollen for å følgje med på kven som fekk til det stuttaste hoppet. Eg forstod at eg var sjakkmatt, då ho slo fast at om det kom lite folk, så vart det kan hende siger i konkurransen om å trekkje minst mogleg publikum til hoppbakken. Trøyst kan vere så mangt.

No var det slett ikkje slik at boka me skulle fram til, vart slakta av bokmeldarar. Under tittelen «Praktfull skrivekunst» fekk romanen Siste sats av Robert Seethaler terningkast fem i ei melding i Stavanger Aftenblad. Bokmeldar var Sigmund Jensen, og han skreiv: «Seethaler parallellfører scener og episoder, fortid og nåtid, med en besnærende fornemmelse av samtidighet. Prosaen er enkel og klar, men også sanselig og inntrykksmettet, og dialogene er en fornøyelse for seg.»

Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Årets første oppgave fører oss til Østerrike, Robert Seethaler og den lille boka Siste sats. Underfundig lite tips fra boklækjaren at det ikke er avslutningen på karrieren til en skihopper vi skal fram til; siste sats henviser til en musiker: Gustav Mahler. I boka reiser han tilbake til Europa, fra Amerika, som en døende mann.»

Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Ved å gå gjennom en 553 treff lang liste over romaner utgitt på bokmål i 2023 i en hernærværende bibliotekkatalog, og etter å ha eliminert John Irvings Den siste stolheisen, står jeg tilbake med Robert Seethalers Siste sats. Boken har jeg ikke tilgang på, men via en anmeldelse i Klassekampen fra lørdag 18. februar 2023 finner jeg at hovedpersonen, som da nok skal forestille Gustav Mahler, besøkte professor Sigmund Freud i 1910 i den nederlandske byen Leiden, hvor han – kan internettet opplyse om – ferierte med sin familie. Etter sigende ble Mahler så psykoanalysert under en fire timer lang spasertur rundt i byen, der han la ut for Freud om sine ekteskapelige problemer med konen Alma og sin sjalusi forbundet med at hun skulle ha en affære med den tyske arkitekten og Bauhaus-grunnleggeren Walter Gropius.»

Tiril Bonnevie skriv: «Hovedpersonen Gustav Mahler tar den lange togreisen til Leiden i Holland for å treffe den ferierende professor Sigmund Freud, som altså er svaret på tilleggsoppgaven. Mahler ble kurert for sine kvaler i løpet av en fire timers tur med Freud, ikke dårlig!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement